Folkemusikklaga i Valdres ønskjer å vere prøvearena for ei ordning med familiemedlemskap.

Landsmøtet til FolkOrg blei halde på Anker Hotell i Oslo denne helga, utan den store dramatikken. Den friskaste debatten blei det kring temaet familiemedlemskap.

Styret la fram at dei ikkje ønskte landsmøtevedtak på å innføre familiemedlemskap. Det viste mellom anna til at medlemsskapssatsen på kr 250 er låg, og at medlemskapsfaktureringa alt er kompleks som han er.

Stian Roland frå Øystre Slidre spel- og dansarlag var ein av dei som mest aktivt stødde innføring av familiemedlemskap.

– Familiemedlemskap vil truleg gi fleire medlemar i FolkOrg og i lokallaga. Det er ikkje primært eit spørsmål om pengar, men om å synleggjere at folkemusikken og folkedansen er ein familieaktivitet, argumenterte Roland.

Mellom andre fekk Roland støtte frå Leikny Aasen frå Ungdomslaget Ivar Aasen. Ho meinte på si side at det handlar om pengar.

– Vi held populære kurs i Ålesund der det kjem mange ikkje-medlemar. Vi får dei ikkje med vidare i laget, fordi medlemsprisen kjennest for høg. Desse kursdeltakarane kunne vi lett ha henta inn om vi hadde opna for familiemedlemskap, og slik auka medlemstala våre betydeleg, sa Aasen.

Landsmøtsalen i FolkOrg
Stian Roland (ståande t.h.) markerte seg i debatten om familiemedlemskap på FolkOrg-landsmøtet 26. april.

Les også:

FolkOrg.no: Gjøvik spelmannslag er årets lokallag 2015

Kasserar i Naustdal spelemannslag, Oddleiv Hjellum, argumenterte for å stø forslaget frå styret om ikkje å opprette familiemedlemskap.

– I gamle dagar kunne familiemedlemskap ha vore meir naturleg, då ein familie normalt berre hadde ein lønsmottakar. Familien var òg ei klarare definert eining før: det var mor, far og borna deira. Slik er det ikkje i dag. Det vil òg bli ei hovudpine å handsame systemet – eg kan seie som så at viss familiemedlemskap blir innført i Naustdal spelemannslag, så misser dei kasseraren sin, erklærte Hjellum.

Thor Hauknes, frå Sinnsykt Bra Alternativ og styremedlem i FolkOrg, meinte det er naudsynt å få konkrete erfaringar med kva effekt familiemedlemskap vil ha på medlemsmassen til lokallaga.

– Kva med på prøve ut dette i et begrensa geografisk område? spurte Hauknes, med klar adresse til valdrisane som sterkast fronta forslaget om familiemedlemskap.

Det konkrete framlegget til formulering kom til slutt frå Torill Aasegg frå Trøndelag Folkemusikklag:

– Lat oss vente med å vedta noko familiemedlemskap no, men gi styret i FolkOrg mandat til å utreie moglegheita vidare.

Forslaget frå Aasegg blei vedteke med 37 mot 19 stemmer

Så vil tida syne om det blir gjort lokale forsøk med familiemedlemskap, i Valdres eller andre stader. Stian Roland fortel at dei landsmøteutsende frå Valdres diskuterte seg imellom etter avslutta møte. Dei vil gjerne vere eit slikt prøveområde for familiemedlemskap i samråd med FolkOrg.

– I område med mykje aktivitet og stor rekruttering, meiner vi eit slikt familiemedlemskap kan gi mange nye medlemar. Eitt av lokallaga i Valdres fekk nett eit nytt styremedlem – ei mor til ein elev i kulturskulen. Ho var ikkje sjølv medlem, noko ho måtte vere for å sitje i styret. Ho melde seg sjølvsagt inn, men fortel at viss det hadde funnest familiemedlemskap, så hadde ho vore medlem for lenge sidan. Det finst mange som ønskjer å bidra på dugnad og stø folkemusikken og dansen, utan at dei er aktive musikarar eller dansarar sjølv, seier Roland.