Vegar Vårdal var med og opna ei velkjent kunstutstilling med hardingfelespel i mai. Denne veka speler han der igjen.

Camille Norment Trio er (f.v.) Håvard Skaset, Camille Norment og Vegar Vårdal. Dei er musikalsk bidrag til den nordiske paviljongen, som i år er heilnorsk, på Venezia-biennalen. (Foto: Eline Mugaas)
Klikk på biletet for å sjå Camille Norment Trio framføre stykkjet ”Glare” på Henie Onstad Kunstsenter. (Stillbilete frå filmen, video: Henie Onstad Kunstsenter)

Noreg er ansvarleg for heile den nordiske paviljongen på Venezia-biennalen i år. Biennalen i Venezia starta i 1895, er den eldste kunstbiennalen i verda og ein av verdas viktigaste utstillingsarenaer for moderne kunst. På opninga 6. mai spelte Camille Norment trio, der Vegar Vårdal speler hardingfele.

– Konserten vår på opninga var så vellukka at biennalen ville ha oss tilbake igjen. Det er ei stor ære. Det er sjeldan at hardingfela blir profilert i eit kunstmiljø på denne måten, seier Vårdal.

I trioen speler Vegar Vårdal hardingfele. Håvard Skaset speler elektrisk gitar, og Norment sjølv speler det spesielle instrumentet glassharmonika.

Glassharmonikaen blei oppfunnen av den amerikanske landsfaderen Benjamin Franklin i 1761, og har det til felles med hardingfela at han har blitt skulda for å vere Djevelens instrument. Framståande lækjarar kring år 1800 meinte at den svevande og ofte disharmoniske klangen til instrumentet var som skapt for å drive spelarar og lyttarar ut i melankoli og sjølvmordstankar. Men både Mozart, Beethoven og Richard Strauss har komponert musikk for glassharmonikaen.

Bandleiar og multikunstnar Camille Norment er hovudansvarleg for heile innhaldet på den norske paviljongen i Venezia, som har fått namnet Rapture. Musikken til trioen hennar kan best kategoriserast som samtidsmusikk, men Vårdal har fått tilbakemeldingar på at hardingfela er med på å gjere uttrykket til trioen meir tilgjengeleg.

– Mange av dei som har høyrt oss, fortel at hardingfela gir musikken eit folkeleg preg. Dei kan òg høyre den norske tonen i instrumentet, fortel Vårdal.

Camille Norment Trio speler på den norske paviljongen på Venezia-biennalen 10. og 12. juni klokka 14:30.