-
Spiller pols i Operaen
mandag 21.05 - 12:32 -
Hallingdans møter kung fu
mandag 21.05 - 10:32 -
FolkOrg hyllet Sven Nyhus
mandag 21.05 - 10:51 -
Osterøy Spel- og Dansarlag – Eit plateaktuelt og særs aktivt lokallag
fredag 18.05 - 08:10 -
Hallingdans på elefantryggen
fredag 18.05 - 10:23
Påmelding, program og sakspapir
Meld deg på til årsmøtet!
Årsmøtet i FolkOrg nærmar seg på nytt. Påmeldingsfristen for registrering av delegatar vart fyrst sett til 1. april, men me ynskjer flest mogleg delegatar, så det er framleis mogleg å melde seg på. Me vonar lokal- og områdelag har høve til å delta med dei utsendingane dei har krav på.
Me ynskjer velkomen til ei spennande og innehaldsrik årsmøtehelg på Røros!
MERK: Sakspapira vert sendt ut direkte til alle utsendingar.
SAKSPAPIR
ÅRSMELDING 2010:
For skjermvisning // Utskriftsvennlig versjon (NB: dobbeltsidig)
SAKSPAPIR 2011:
Utskriftsvennlig (Utskrift på båe sider er tilrådd)
PROGRAM
Last ned førebels program for årsmøtet - Program årsmøte 2011
PRAKTISK INFORMASJON
Utsendingar / røysterett
Lag som er teke opp som eit medlemslag innan 31.12.10., har rett på utsending m/røysterett på årsmøtet til FolkOrg, etter følgjande skala:
Lag med inntil 30 medlemmer kan sende: - 1 utsending
Lag med 30 – 99 medlemmer kan sende: - 2 utsendingar
Lag med 100 - 199 medlemmer kan sende: - 3 utsendingar
Lag med 200 – 299 medlemmer kan sende: - 4 utsendingar
Lag med 300 - 399 medlemmer: - 5 utsendingar
Lag med over 400 medlemmer: - 6 utsendingar
Områdelaga kan sende: - 1 utsending
Gruppa for yrkesutøvarar kan sende : - 10 utsendingar
Det er medlemstalet pr. 31.12.2010 som er grunnlaget for representasjonen til årsmøtet.
Alle utsendingar må ha gyldig medlemskap, og laget må ha betalt lagskontingenten for 2010.
Opphald / overnatting
Prisar på overnatting på Røros Hotell pr. pers. pr. døgn (fullpensjon)
Enkeltrom: kr 1.350,-
Dobbeltrom: kr 1.125,-
Det kan bli ein liten reduksjon i prisen om ein ikkje et middag fredag eller lunsj søndag, men da må
vi få melding om det på påmeldingsskjemaet.
Andre møtekostnader
Dagpakke: - for dei som ikkje skal bu: kr 475,- møte m/lunsj.
Middag laurdag - kr 398,-
Reise
FolkOrg gir reisetilskot til utsendingane etter tilsendt rekning etter årsmøtet (i 2010 var tilskotet på 40 %)
- under føresetnad av at ein nyttar billegaste reisemåte, og at fleire reiser i lag der det høver.
Km-godtgjersla er no kr 3,65 pr km.
Vi ber om at de sender inn reiserekninga innan 1.juni. Reiserekningar som kjem etter denne fristen kan diverre ikkje rekne med å få slikt tilskott.










