‘Den store leken’ tek oss inn i verda til innsamlaren, komponisten og ikkje minst spelemannen Anders Haugen. Det har blitt ei praktfull, om enn ikkje uttømmande historie- og notebok.

I vår tid har det i stor grad vore gjennom bøkene til Sven Nyhus vi har fått presentert Røros-musikken. Men ein av dei fyrste som verkeleg tok tak og samla inn folkemusikk frå dette distriktet, var Anders Haugen. Allereie i 1884 kom 100 Norske Polskdanse ut, og i Den store leken får vi ein faksimile av dette noteheftet gitt ut i 1912, i Haugens eiga omarbeiding. Den mindre kjente utgjevinga 15 Lette Danse for Violin frå 1914 får vi òg i faksimile. Som om ikkje dette var nok, har John Ole Morken saman med Borghild Reitan og Anders J. Reitan gått gjennom alle notata og notane til Anders Haugen og gjev oss eit tillegg på nye 100 slåttar. Desse er ikkje i faksimile, men er noterte ned slik Morken og to blad Reitan meiner slåttane ville blitt spelt i dag. Heilt til slutt i boka har Morken notert ned 13 av komposisjonane til Haugen, deriblant fire viser sett ut for blanda kor.

Som introduksjon til notane får vi ei god innføring i historia rundt Haugen, med tekster forfatta av Einar Gjærvold, Anders J. Reitan og John Ole Morken. Det er tydeleg at Anders Haugen har spela ei viktig rolle for folkemusikken i Ålen og området rundt. Han var fødd inn i det gamle bonde- og gruvesamfunnet, men verksam i ei omskifteleg tid og brubyggjar til ei ny tid for folkemusikken. Han var både ein informant som formidla det gamle spelet, og ein samlar, pedagog og nyskapar som la til rette for eit nytt musikkliv på heimplassen.

Dei tre forfattarane skriv kvar sine artiklar, med ulik vinkling og historiesyn. Dei omtaler til dels dei same kjeldene, personane og hendingane. Einar Gjærevold skriv om bakteppet, den historiske konteksten, og er oppteken av å markere brotet mellom gamal og ny tid. Anders J. Reitan tar for seg Anders Haugens liv og virke, og gjev oss eit nøkternt bilete av arbeid og sorg i stor mon. John Ole Morken har brukt sin plass på innsamlinga til Haugen og utgjevingane han stod for. Dei tre forfattarane har eit rikt kjeldemateriale, og sitat frå kjeldene får god plass. Artiklane er aller best der dei forsiktig bind saman ulike kjelder som får stå uredigerte. Det grafiske grepet med å setje alle sitata i raudt fungerer utmerkt.

Einar Gjærevold, John Ole Morken & Anders J. Reitan: Den store leken. Anders Haugen. Spellmann på Rørosvidda
  • Musikk-Husets Forlag, Oslo, 2018
  • 287 sider, innbunden A4
  • Tekstredaktør: Einar Gjærevold, musikkredaktør: John Ole Morken

Dei tre artiklane gjev oss tidvis motstridande tolkingar av dei same kjeldene og hendingane. Boka formidlar ikkje noko eintydig portrett av Anders Haugen, men krev at lesaren sjølv dreg samanhengar og trekker slutningar. Dei ideologiske straumdraga, nyvinningane, optimismen og alle dei nye moglegheitene som oppstod på slutten av 1800- og byrjinga av 1900-talet, blir berre sparsamt handsama. Når dei skriv at «med Anders Haugen ble det tradisjon for mer samspill i bygda», så er det klart at han var meir enn ein som tok med seg det gamle spelet til ei ny tid – han var i tillegg ein fortolkar, nyskapar og formidlar av nye idear.

Her, i det som er den store spenninga i historia, loddar ingen av forfattarane djupt. I staden vender dei forklaringane innover, mot Anders Haugens livshistorie: oppvaksen som uekte barn, i tronge kår og eit liv prega av store sorger. Dette er ikkje nødvendigvis feil, men det opnar for at det er meir å hente i dette materialet.

I denne boka kan ein finne andre, mindre brukte variantar av slåttane, som kan bidra til meir mangfald i slåttespelet frå regionen.

 

Foto frå boka ‘Den store leken’: Spelemenn i bryllup i 1907, f.v. Ingebrigt Djupdal, Anders Haugen, Andreas Reitan og brudgommen sjølv, Johannes Reitan. (Kjelde: Steinar og Maret Engan)

Det er imponerande kor mykje arbeid som er lagt ned i slåtteutval, forming av slåttane og ikkje minst i historikken til kvar slått. Det er òg lese bra korrektur, ikkje berre på teksten, men òg på notane. Det er litt synd at ein ikkje får moglegheit til å ta eit djupare dykk i dei vala som er gjort i utforminga av dei nyskrivne notane, ettersom dei er meir detaljerte og utbroderte enn dei Haugen viser oss i faksimilane. Alle polsane er teikna ned over same mal, med bogestrøk, rytmikk, grep og borduntonar. Etter å ha spelt gjennom alle slåttane blir ein nysgjerrig på korleis notane ser ut i handskrifta til Haugen. «For meg er hovudsaka å ta vare på melodiane», skal Anders Haugen ha sagt til ein elev. Haugen ville at spelemannen sjølv skulle utsmykke slåttane etter sitt eiga kunstnariske skjønn, og med dette få fram ei brei tolking av melodien. Her kunne det ha vore interessant å drøfte Haugen sin ideologi opp mot korleis vi i dag les notane. Korleis er vår kunnskap om det tradisjonelle, og vår evne til å tolke slåttane i eit levande og personleg spel, samanlikna med slik det var for over 100 år sidan?

Å sjå desse notane i lys av Røros-tradisjonen i dag er ein tankevekkjar. Det er mykje av dei same slåttane som blir spelte om og om igjen på kappleik, og ofte er dei forma på same viset. I denne boka kan ein finne andre, mindre brukte variantar av slåttane, som kan bidra til eit mangfald i slåttespelet frå regionen som vi kanskje ikkje har sett sidan Haugen si tid. Slik vi les biografien om Haugen, verkar det som han fekk god hjelp og støtte frå blant andre O.M. Sandvik og L.M. Lindeman. Dette gjev oss trua på at Haugen var ein særs dyktig nedteiknar, og at vi kan stole på Haugen si noteskrift like mykje som vi trur på nedteikningane etter Sandvik og Lindeman.

Dette er ei bok vi har sakna, og som vi tykkjer du bør rydde plass til på stovebordet. Boka trengst for å sette lys på ein viktig periode – og på ein innsamlar som har fått lite merksemd opp gjennom åra. Det er klart at Anders Haugen ikkje samla inn like mykje som Lindeman og Sandvik; men utan Haugen sin iherdige innsats hadde musikken i Røros-distriktet vore mykje fattigare. Og slik vi les materialet, trur vi det er plass til ein oppfølgjar, som vier enda meir plass til faksimilar og nærare drøftar føresetnadene for den moderne folkemusikken.

Denne bokmeldinga blei fyrst publisert i Folkemusikk nr. 2/2018, som er i sal no på utvalde Narvesen-utsal eller frå FolkOrg.