Hjem > Artikkel

Nytt kurs i Trondheim

Munnspel som tradisjonsinstrument

Munnspel_framside

For to år sidan vart det starta ein aksjon for å få opp interessa for å spele tradisjonsmusikk på munnspel i Noreg. Det vart halde eit kurs i Naustdal i 2010 og eit på Vinstra i 2011. I år skal det haldast nok eit kurs for nybegynnarar og vidarekomne i Trondheim 27. og 28. april, med John–Erik Hammarberg frå Sverige som hovudlærar.

Det var i 2010 munnspelsatsinga starta opp med kurs i Naustdal. I fjor var det Gudbrandsdalen sin tur – og no overtek Trøndelag med kurs i Trondheim i slutten av april. Den svenske riksspelemannen på  munnspel, John Erik Hammarberg, var også instruktør for dei vidarekomne på Vinstra, medan musikalsk leiar i Naustedalen Spelemannslag, Einar Eimhjellen, tok seg av nybyrjarane.

 

Kurset ifjor vart halde på Vinstra vidaregåande skule med spelemannslaget Spira  og Tom Willy Rustad som tilskipar. Det vart avslutta med konsert og fest på Rudi Gard i Sør-Fron.

Deltakarane på munnspelkurset 2011 på Vinstra var Sivert Holmen, Aurdal, Per Midtstigen, Otta, Tom Willy Rustad, Sør-Fron, Marita Aanekre, Sør-Fron, Nils Røv, Trondheim, Tom Kristian Bardal, Trondheim, Olav Ufs, Ringebu, Willy Rustad, Vallset,  Jan Krogstad, Trondheim, Knut Stakston, Sør-Fron, Arild Rønningen, Vinstra, Terje Einarson, Sola, Inge Torstenson, Oslo, Magnar Fuglestad, Sandnes, Knut Ståle Berge, Os, Jacob Heltne, Volda, Tone Lise Roska, Fluberg. Rasmus Stauri, Sør-Fron, Amund Grytting, Sør-Fron, Gyda Austin, Lillehammer, Marius Berglund, Skodje, Inger Johanne Fjell, Lillehammer, Gunnar Sørbotten, Sør-Fron og Mareno Roske, Fluberg.

 

 Kurset i Trondheim blir ope både for nybegynnarar og vidarekomne, med enkle 10-hols spel i G-dur som standardinstrument.

Den som er primus motor  i Trondheim, gjev informasjon og tek  i mot påmelding er Jan Krogstad, Nordhaugsveien 1, 7023 Trondheim. Han kan også kontaktes på jankrog2@online.no.


 


| Tips en venn | Skriv ut |