Hjem > Aktuelt > Nyhendearkiv > Artikkel

Folkedans og dansevitskap

Nedgang i talet på studentar

Dansevitskap Foto Martin Innerdal Dalen (3)

Folkedansstudiet på Dansevitskap ved NTNU i Trondheim opplever ein stor nedgang i talet på studentar. - Det kjem nok dels av at rekrutteringa til folkedans har gått ned generelt, og at dei som satsar på avansert arbeid med folkedans, har blitt færre, seier professor Egil Bakka. No gjer folkemusikkmiljøet grep for å rette skuta.

Tekst: Gudrun Folkedal. Foto: Martin Innerdal Dalen

TRONDHEIM: - Frå 1989 og utover hadde vi årlege kull på 30–40 studentar. I år har vi 13 studentar på folkedansmetodikk, noko som vil seia at talet på studentar har krympa kraftig, seier Egil Bakka, professor i folkedans, og ansvarleg for studieprogrammet. Årsaka til nedgangen er nok samansett, men Bakka trur han har noko av svaret.

- Det kjem nok dels av at rekrutteringa til folkedans har gått ned generelt, og at dei som satsar på avansert arbeid med folkedans, har blitt færre.


Med Egil Bakka i spissen har Norsk senter for folkemusikk og folkedans no teke grep for å auka talet på studentar.

- Vi har hatt eit møte med FolkOrg – Organisasjon for folkemusikk og folkedans, Folkekulturforbundet og Noregs Ungdomslag for å få dei med på ei fornying av studiet. Saman med dei ansvarlege for dansevitskap skal dei vera med og sjå på innhaldet i undervisninga, for å finna ut om det er noko ein kan gjera for at innhaldet i studieplanane vert meir aktuelt for tilsette og medlemer i organisasjonane.

Konkret, kva slags fornying kan det vera snakk om?

- Vi har ikkje komme langt nok i prosessen til å seia kva slags tiltak, anna enn å drøfta med organisasjonane.

Maria Høgetveit Berg frå FolkOrg er positiv til eit slikt samarbeid.

- For oss er det ein fordel om fleire medlemer får auka kunnskap om dans generelt. Her er studietilbodet ved Dansevitskap heilt sentralt. Utfordringa vår er å få medlemene våre til å sjå at studietilbodet er naudsynt for å auka den faglege kompetansen til kvar einskild, og for å gjera dei i stand til å gå inn i rolla som instruktørar og dommarar.

Dette er folkedansstudiet
• Høyrer til ved NTNU i Trondheim.
• Starta i 1989.
• Folkedansstudiet er den einaste plassen der ein kan studera folkedans på høgare nivå i Noreg. Studiet inneheld desse enkeltemna 1) Tradisjonskunnskap, 2) Allmenn folkedanspedagogikk og 3) folkedansmetodikk.

Artikkelen sto opphaveleg på trykk i Bladet Folkemusikk, nr. 5, som kom ut rett før jol. Folkemusikk.no vil denne veka bringe fleire artiklar rundt dette emnet, og tar gjerne imot innspel frå lesarane.


 


| Tips en venn | Skriv ut |