Hjem > Verktøykasse > Utøvar > Tilskotsordningar > Artikkel

Norsk Folkemusikkfond

Folkemusikkfond

FolkOrg og NRK bidreg til Norsk folkemusikkfond. Pengane går til mange viktige tiltak innanfor det norske folkemusikkmiljøet, og løyvingar frå fondet kan bli gitt til enkeltpersonar, grupper, spel- og dansarlag o.l. Søknadsfrist er 20. mai kvart år.
Heilt sidan 1987 har Landslaget for Spelemenn og no Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen i Noreg delt ut pengar til folkemusikkføremål. Pengane har kome frå drifta av folkemusikkorganisasjonen og frå NRK.

 





Vedtekter for Norsk folkemusikkfond

§ 1 Oppretting Norsk Folkemusikkfond er ei stifting oppretta av Landslaget for Spelemenn på årsmøtet 25. april 1987.

§ 2 Formål Norsk Folkemusikkfond skal stø arbeidet med å granske og verne om den kulturverdien ein har i den norske folkemusikken, bygdedansen og dei gamle folkemusikkinstrumenta slik at tradisjonane vert tekne vare på, brukte, gjort kjende og ført vidare på ein naturleg måte. Arbeidet skal fyrst og fremst vere dei eldre formene, stoff av særleg verd og interesse og stoff som har ei svak og utsett stilling.

§ 3 Medlemskap LfS er fast medlem av fondet, godkjenner medlemskap og fastset reglar for storleiken på løyvingar og kor ofte og lenge slike løyvingar må gis for at den det gjeld skal bli medlem av fondet og oppretthalde medlemskapen sin.

Institusjonar, organisasjonar, spelemannslag, musikkforlag, einskildpersonar osv kan søkje medlemskap i fondet. Medlemene forpliktar seg til å løyve midlar til fondet for med det å stø fondet sitt formål.

§ 4 Styringsordning Fondet skal ha eit styre på 5 medlemer med personlege vararepresentantar utpeika av LfS som sjølv skal ha ein fast representant Dei andre medlemene peikar LfS ut etter framlegg frå medlemene i fondet. LfS skal, etter beste skjøn, syte for at styret blir sett saman på ein ut frå medlemsmassen mest mogleg representativ måte. LfS peikar ut formann. Medlemer og varamedlemer bør ikkje sitje i fondstyret for ein lengre periode enn fire år, og nyoppnemningar bør ikkje skje slik at alle medlemene blir bytta ut samstundes. Skifte av styremedlemer kan elles skje når eit medlem ber seg friteke, eller når LfS av andre grunnar finn det naturleg å endre representasjonen og samansetjinga av styret.

Rekneskapen for fondet vert ført av LfS sitt sekretariat og revidert på same måte som LfS sin rekneskap. Rekneskapen skal sendast alle fondsmedlemene. Fondstyret utarbeider i løpet av januar månad årsmelding som vert sende alle medlemene i fondet.

Årsmøtet i LfS godkjenner årsmelding og rekneskap etter at alle fondsmedlemene har hatt høve til å gi skriftlege merknader som skal leggjast fram for årsmøtet som saksdokument.

§ 5 Bruk av fondsmidlar Løyvingar frå fondet kan verte gitt til einskildpersonar, grupper, spel- og dansarlag o l. Fondet skal i hovudsak prioritere slike tiltak:

- stipend til einskildpersonar eller grupper med særleg gode føresetnader for å tileigne seg og føre vidare tradisjonsstoff definert i formålsparagrafen.

- tiltak for å take vare på folkemusikk- og bygdedansstoff som står svakt eller i fare for å kome bort og stoff av særskilt kvalitet og verdi.

- arbeidet med folkemusikkinstrumenta våre og gransking av byggeteknikken for desse. Fondet skal prioritere arbeidet me å finne fram til gamle folkemusikkinstrument som er lite kjende eller gått ut av bruk og arbeide for at desse blir haldne i hevd.

- rekrutteringstiltak, pedagogisk forsøksverksemd og opplysningsverksemd.

- møte- og seminarverksemd for å drøfte arbeidet med å ta vare på folkemusikk- og folkedanstradisjonar.

- auke kontakten med og kunnskapen om tilsvarande kulturtradisjonar på folkemusikkområdet i andre land.

- stø utgjeving (fonogram, noter etc.) av særskilt verdfullt folkemusikkstoff.

- andre tiltak som fondet finn er av særleg interesse.

§ 6 Krav til søknad om tilskot, rapportering Ved søknad om tilskot frå fondet skal søkjaren gi ei grunngjeving for kvifor det er verdifullt å gjennomføre prosjektet, og kva ein tek sikte på å oppnå. Det m å leggjast ved eit budsjett for kva tilskotet er tenkt å dekkje av utgifter.

Tilskotet skal normalt ikkje dekkje løn til søkjaren, men utgifter prosjektet medfører; t. d honorar til kjelder osv. Når prosjektet er avslutta, skal søkjaren sende inn til fondstyret rapport og rekneskapsoversikt.

§ 7 Reglar for sakshandsaming Som hovudregel skal det delast ut tilskot frå fondet ein gong kvart år etter kunngjering og fastsett frist for søknad. Fondstyret kan avsetje reservemidlar for å kunne løyve tilskot til særskilde søknader som kjem mellom dei årlege hovudtildelingane.

Fondstyret arbeider ut liste over søkjarar, kva dei einskilde søknadene gjeld og søknadssum. Denne lista vert å sende alle fondsmedlemmene til merknader før styret gjer vedtak om tilskot. Styret kan, dersom det finn det naudsynt, setje ned ei sakkunnig nemnd til å gi innstilling eller på annan måte hente inn sakkunnskap.

§ 8 Endringar av desse vedtektene Årsmøtet i LfS kan vedta endringar i desse vedtektene med 2/3 fleirtal.

§ 9 Oppløysing Årsmøtet i LfS kan med 2/3 fleirtal oppløyse fondet dersom alle medlemene i fondet er samde om det. Fondsmidlane vert då delte ut til formål i samsvar med § 2 og § 5.

Vedtake på årsmøtet i LfS 25.04 1987.


| Tips en venn | Skriv ut |