Hjem > Artikkel

Bø i Telemark:

Norsk Hardingfelesenter stifta

Påtroppande styreleiar Rita Eckbo og ordførar Arne Storhaug Foto: Hilde K. Pedersen

Påtroppande styreleiar Rita Eckbo og ordførar Arne Storhaug Foto: Hilde K. Pedersen

Norsk Hardingfelesenter AS er nå stifta i Bø i Telemark. Senteret skal løfte fram hardingfela, og forvalte og utvikle den levande tradisjonen som hardingfela representerer.

Norsk Hardingfelesenter AS er nå stifta og etablert i Bø. Verksemda er etablert som eit aksjeselskap med Bø kommune som eigar. Telemark fylkeskommune og Midt-Telemark Næringsutvikling as har bidratt med kapitaltilskot.

Styret for Hardingfelesenteret har fått ei brei samansetning med god forankring i ulike miljø. Rita Eckbo er påtroppande styreleiar, og ho har fått med seg Anne Hytta, Bjørn Aksdal, Leif Rygg og Lene Vågslid på laget. Personlige varamedlemer er Lene Walle, Sara Fjågesund, Asbjørn Storesund, Svein Arntsen og Astrid Eidem Nordal.

Verksemda skal, med utgangspunkt i den sterke hardingfelehistoria i Bø, ha som sitt formål å løfte fram hardingfela, og forvalte og utvikle den levande tradisjonen som hardingfela representerer. Dette skal skje gjennom informasjon om og formidling av felemakarverksemda, instrumentet og spelet overfor ulike målgrupper lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Selskapet skal utøve si verksemd gjennom oppdragsavtalar med profesjonelle aktørar, og skal på den måten styrke grunnlaget for utøvarar og næringsaktørar som etablerer seg på dette feltet i regionen.

Det treårige prosjektet ”Hardingfelesenteret i Bø” blei avslutta i mars 2009 og sluttrapporten frå prosjektleiar/Telemark Museum låg føre i mai 2009. Den konkluderer m.a. med at eit senter for samordna satsing på hardingfela høyrer naturleg heime i Bø, og at Bø kommune bør vere ein sentral aktør i eit vidare arbeid. Det blir også peika på at det er viktig å vidareføre samarbeidet med partane som har bidratt inn i prosjektet, som t.d. Norsk kulturråd, Telemark fylkeskommune, Midt-Telemark Næringsutvikling og Telemark Museum. I prosjektet er det lagt vekt på det sterke kompetansemiljøet i regionen, og i det vidare arbeidet er det naturlig å samarbeide konkret med t.d. Folkemusikkarkivet i Telemark, Høgskolen i Telemark, Telemarkfestivalen og regionalt kompetansenettverk for rytmisk musikk, profesjonelle utøvarar og det frivillige folkemusikkmiljøet.

Prosjektet har hatt mykje å seie for at den unge felemakaren Ottar Kåsa har etablert seg med eiga verksemd på Oterholt i Bø, og for at Telemark Museum nå satsar strategisk på dokumentasjon og formidling av hardingfela og folkemusikk ved Bø Museum. Det er også av stor betydning for den vidare satsinga at eventverksemda tilTelemark AS v/Torgeir Straand og Marit Svalastog, har etablert seg med hovudsete på Oterholt.

I første omgang vil verksemda basere seg på kunnskap, nettverk og dokumentasjon som ligg i det avslutta hardingfeleprosjektet. Konkret og på kort sikt vil dette t.d. vere etablering og drift av nettstad, gjenstandsutstilling og formidling av felemakarverksemda og spelet retta mot ulike målgrupper i innland og utland.

| Tips en venn | Skriv ut |