-
Annbjørg Lien med nytt album og turné
onsdag 8.02 - 11:28 -
Fra De Mollstemte Skoger
onsdag 8.02 - 13:38 -
Fleire tusen ungdomar skal danse med Frikar
onsdag 8.02 - 10:26 -
Dette er Riksscenen i februar
tirsdag 7.02 - 14:59 -
Norsk Kvedarforum med seminar for heile familien
mandag 6.02 - 11:43
Norwegian Panorama
Norsk-polsk kultursamarbeid
Kjernen i prosjektet er eit samarbeid mellom to folkemusikkgrupper; norske Tindra og polske Kroke. Dei to gruppene vil spele saman på fleire festivalar og vil gjere konsertar både i Noreg og Polen i 2010/2011.
I tillegg til samarbeidet mellom Tindra og Kroke vi festivalen Sounds of the North
i Gdansk ha eit norsk fokus med fleire norske grupper, seminar og workshop i august 2010.
Kulturutvekslingsfondet med Polen vart etablert i 2008 og vert forvalta av det polske kulturdepartementet. Fondet utgjer totalt nærmare 90 millionar kroner, og vert hovudsakleg finansiert av norske EØS-midler. Fondet støttar kulturell utveksling i form av samarbeidsprosjekt mellom polske søkjarar og partnarar frå Noreg, Island eller Liechtenstein. Målet er å styrkje dialogen og det kulturelle samarbeidet mellom Polen og givarlanda.
Dette er den fjerde av i alt fem planlagde utlysingar og 21 nye samarbeidsprosjek er godkjende for finansiering. Prosjektea omfattar scenekunst, musikk, kulturarv, billedkunst, litteratur og arkiv, og involverer aktivitetar i både Polen, Noreg og Island.
Siste søknadsrunde vil bli utlyst i byrjinga av mars i år. Nærmare opplysningar om prosjekta og søknadsprosessen finst på Kulturutvekslingsfondet si hjemmeside.
Kulturdepartementet koordinerer arbeidet med fondet i Norge, i samarbeid med Norsk kulturråd, ABM-utvikling og Riksantikvaren.









