Boka Folkesong i Vest-Agder har nett komme ut, med mål om å få til eit løft for songtradisjonen i sørlandsfylket.

Ragnhild Furholt viser fram den nye boka si under boklanseringa på Håndverkeren i Kristiansand 12. mai 2016.

Sjølv om det finst mengder av songmateriale frå området vårt, er det altfor få som høyrer og syng dei gamle songane. Det kan vere fleire årsaker til dette, men kanskje kan ein gjere noko med det? Vest-Agder fylkeskommune har gitt ut boka Folkesong i Vest-Agder på Portal forlag, med eit ønske om at fleire vil ta i bruk dei lokale tradisjonssongane våre.

Forfattar av boka er Ragnhild Furholt frå Songdalen, høgskolelektor og sjølv folkesongar. I boka presenterer ho ulike typar songar: balladar, stev, slåttestev, ulike viser, bånsullar, regler, stubbar og religiøse folketonar. Her er songar frå alle dei 15 kommunane i fylket, og alle songane er gjevne att både på notar og som opptak. Slik vil ein vonleg skjøne meir av dei særeigne framføringstradisjonane som er og har vore i fylket vårt.

Boka blei lansert torsdag 12. mai på Håndverkeren i Kristiansand. Her framførte Ragnhild Furholt, Anders Røine og Elisabeth Vatn songar frå den nye boka. Det var fullsett sal og stor spenning knytt til konserten og presentasjonen av boka. Responsen var svært god, og det blei også tid til fleire ekstranummer: publikum sjølv fekk ønske seg kva for songar frå boka Ragnhild Furholt skulle synge, ei utfordring ho tok på strak arm.

Det har ikkje tidlegare vore publisert så mykje samla folkesong i bokform, med både notar og opptak, frå Vest- Agder. Det seier seg sjølv at boka også fyller eit behov og ei interesse som allereie er der – det kom tydeleg fram under konserten. Frå no startar det strategiske arbeidet med å få formidla boka og songane, m.a. gjennom konsertar, kurs og til bibliotek i og utanfor Vest-Agder.

Søndag 26. juni klokka 12.30 blir det ny mogelegheit til å høyre folkesongane frå Vest-Agder med Furholt, Røine og Vatn – ved Ljosland Fjellstove i Åseral.

Folkesong i Vest-Agder blei meldt og fekk terningkast 6 i Fædrelandsvennen 14. juni. Meldinga kan du lese her (berre for abonnentar).

F.v. Anders Erik Røine, Ragnhild Furholt og Elisabeth Vatn presenterte eit stort utval av folkesongane frå Vest-Agder på Håndverkeren. Som ekstranummer blei det mange av favorittsongane til publikum.