Meld deg på!
Ny dansetevling på Landsfestivalen
Under Landsfestivalen på Oppdal i sumar vil det for fyrste gong verte tevla i pardans. I samband med dette er det utarbeida eit nytt tevilingsreglement for tevlinga. Her kan du lese korleis tevlinga vil går føre seg!
Det har vore arrangert liknande tevlingar som td. Hamborgartevlingar på Landsfestivalen tidlegare, men det har ikkje vort tevla på lik linje som dei andre klassene. No opprettar arrangørane av Landsfestivalen på Oppdal og FolkOrg ei eiga klasse i tevlingar for dans, og der tevlinga er kome inn i tevlingsreglement på lik linje med dei andre tevlinga. Det er også skaffa eigne dommarar spesielt for denne klassa.
Den nye tevlinga i pardans vil verte prøva ut for fyrste gong under Landsfestivalen på Oppdal 20. – 24. juli.
SLIK VIL DANSETEVLINGA GÅ FØRE SEG
Tevling i dans
Pardans
- Paret blir dømd samla.
- Det er maks 9 par i kvar av kvalifiseringsrundane.
- Paret skal under kvar runde danse fire dansar; pols/masurka, reinlender, vals og polka.
- Para blir delt i kvalifiserings- og finalerundar etter om dei skal danse pols eller masurka. Elles blir parfordelinga trekt.
- Det vil vere minimum to grupper som spelar til tevlinga. Både pols- og masurkatradisjonen skal då vere representert.
- Finalistane kan bli teke frå alle kvalifiseringsrundane.
- Det er ikkje høve til å danse m/følgje.
- Det er høve til å stille med erstattar ved forfall frå 1 dansar i paret.
- Berre dei tre fyrste blir offentleggjorde, då utan poengsum.*
- Talet på finalistar blir rekna ut etter faktisk tal på deltakarar etter same reglar som under dansespelfinale under kulepunkt 8.
8. Finalar
* Dansespelfinale/ Pardansfinale (Landsfestivalen).
Talet på finalistar i kvar klasse blir rekna ut etter faktisk deltakartal, verken fleire eller færre :
• Frå 7 – 10 3 finalistar
• Frå 11 – 20 4 finalistar
• Frå 21 – 30 5 finalistar
• Frå 31 > 6 finalistar.
>> Les det nye tevlingsreglementet i sin heilskap her
MELD DEG PÅ LANDSFESTIVALEN
Det er berre ei veke til påmeldingsfristen går ut (10.juni)
MELD DEG PÅ HER: www.paamelding.folkemusikk.no











