Ny design og nytt format. Sjå kva du kan lese i den nye utgåva!

Fire blad Kjorstad frå Sør-Fron i Gudbrandsdalen, Ola, Guro, Hans og Rasmus. Foto: Laila Meyrick - Velour.no

Den nye utgåva av Folkemusikk er no ute og på veg ut i postkassene. Bladet har fått ny design, og kjem nå med 100 sider! Her er noko av det du kan lese i det neste nummeret.

KAPPLEIKSNERVAR:  Du går inn på scenen, sveitt på fingrane, stram i brystet, pusten går fortare. Vil beina stå støtt under deg? For somme er adrenalinkicket det som gjev kappleiksframføringa det vesle ekstra. For andre bikkar det over, og øydelegg prestasjonen. Journalist Ida Habbestad har snakka med ein heil del folkemusikarar sitt forhold til det å vera nervøs.

FILOSOFI OG FYRVERKERI:  Ho har servert Nordland si fele til heile landet. Som ein formidlar og fornyar av den nordlandske folkemusikken har Susanne Lundeng halde bogedraga gåande sidan ho var ni år.  I portrettet møter du Susanne Lundeng.

I DEI BESTE FAMILIAR: Familiar kan ha ulike musikalske ideal. Søsken kan krangle om slåtteformer og bogestrøk, men dei kan òg bli med kvarandre opp på scena eller inn på øvingsrommet før ein kappleik.

I Folkemusikk-Noreg er det mange familiar som driv med det same, og som er som viktige institusjonar å rekne. I denne utgåva har journalist og felespelar Johann Flottorp møtt tre av dei.

I det nye bladet kan du også lese dette:

  • Svive, sveve – eit essay av Sigrid Randers Person
  • Reportasje om instrumentutstillinga på Landskappleiken
  • Eit djupdykk ned i felekassa til Knut Hamre – kva skjuler seg der?
  • Førti år Folque – intervju med folkrock-gruppa.
  • Sounden og susen av 1814 – eit essay av Olav Norheim
  • Bruvollspelet – Den Store Reisen
  • Olav Napper og Olav Ormbrekk – Arne T. Aabø
  • Fotoreportasje med Hallgrim Hansegård – av Cathrine Dokken
  • Zitherspill og slåttetrall – eit møte med Olav Nyhus.
  • På Vossevangen – Tidskapselen
  • Kor har kongepokalvinnar Ole Aastad Bråten plassert kongepokalen sin?
  • Den plata: Sindre Bremnes skriv om Garmarna si plate Vädergällningen (1999)
  • Folkemusikk-quiz – 20 spørsmål du kan bryne deg på
  • Kven eig folkemusikken? Ein artikkel om opphavsrett.
  • Minneord om spelemannen Svein Nymo
  • Ein hastig romanse – leiar

 

Denne utgåva er Bjørn Sletten si siste utgåve som redaktør for bladet Folkemusikk. Sletten er no redaktør i avisa Dølen. Ny redaktør er Audun Stokke Hole.

Bladet er tilgjengeleg for laussal gjennom Narvesen.

Folkemusikk 04/2014.
OM FOLKEMUSIKK
  • Noregs lengstlevande musikktidsskrift
  • Kjem no i ny design og nytt format
  • 100 sider / 4 utgåver i året
  • Bladet og Folkemusikk.no vert no slått saman

Bli abonnent