-
Søk Norsk Folkemusikkfond
tirsdag 22.05 - 01:00 -
Spiller pols i Operaen
mandag 21.05 - 12:32 -
Hallingdans møter kung fu
mandag 21.05 - 10:32 -
FolkOrg hyllet Sven Nyhus
mandag 21.05 - 10:51 -
Osterøy Spel- og Dansarlag – Eit plateaktuelt og særs aktivt lokallag
fredag 18.05 - 08:10
Landsfestivalen 2011
Nye grep på Oppdal
– Me ynskjer til ein viss grad å fornye festivalen, seier ein engasjert festivalleiar.
– Planen er å gjera ein del småe endringar som kan skapa ny interesse og nysgjerrigheit.
Sandum forklarer at det blant anna skal satsast meir på born.

Dansen i sentrum
– Me skal arrangere sjokoladefestival for dei yngste, både innanfor samspel, dans og solo, seier han. – Det er viktig at barnefamiliar trivst på festival, og at borna blir aktivisert og har det bra.
I tillegg vil festivalarrangørane på Oppdal setja sjølve dansen i sentrum.
– Musikken me spelar, er rein dansemusikk, og eg synes det er rart at det ikkje har vore satsa meir på dansen tidlegare. Me ynskjer å legge vekt på dansen på ein ny måte, forklarer han.
– I Skjåk i 2008 og på Nordfjordeid i år vart det arrangert uformelle dansetevlingar, med stor suksess. Det er denne ideen me vil bygge vidare på, og gjera tevlinga meir formell. Det vil bli dansedommarar, kvalifisering og finale i dans.
Positiv haldning i miljøet
Øyvind Sandum fortel at det er ei positiv bylgje i gang i gamaldansmiljøet.
– Det er ei svært positiv haldning blant dei yngre i miljøet. Diskusjonane i sommar har skapt ein stor entusiasme blant yngre spelemenn og -dansarar, og den må me utnytte, seier han.
– Det er me som er førebileta for dei yngste, og eg trur me kan snu ein vond sirkel til ein god sirkel om me tek tak, alle mann.
Artikkelen er henta frå den nyaste utgåva av Bladet Folkemusikk, der ein finn eit større fokus på gamaldansen.











