-
Søk Norsk Folkemusikkfond
tirsdag 22.05 - 01:00 -
Spiller pols i Operaen
mandag 21.05 - 12:32 -
Hallingdans møter kung fu
mandag 21.05 - 10:32 -
FolkOrg hyllet Sven Nyhus
mandag 21.05 - 10:51 -
Osterøy Spel- og Dansarlag – Eit plateaktuelt og særs aktivt lokallag
fredag 18.05 - 08:10
Hjem > Artikkel
Hardingfolk.no
Nye nettsider for folkemusikk og –dansefeltet i Hardanger
Hardanger spelemannslag lanserer no den nye nettsida Hardingfolk.no. Designen er "retro", og innhaldet skal visa aktiviteten i regionen. - Me håpar at nettsida kan gjera aktiviteten vår endå meir synleg, seier styreleiar i Hardanger spelemannslag, Halldis Folkedal.
- På dei nye nettsidene vil ein kunna oppdatera seg på konsertar og kurs, og me vil gjerne orientera oss mot både medlemer og ikkje-medlemer. Me håpar at nettsida kan gjera aktiviteten vår endå meir synleg, seier Halldis Folkedal.
På nettsida kan ein mellom anna finna informasjon om kurset "Dans, spel, song- alt pao ein gong. Det årvisse kurset går føre seg i Granvin helga 17.-18. mars og har ei rekkje kurstilbod. Mellom anna er det nybyrjarkurs i springar for ungdomar og vaksne, instrumentalkurs i hardingfele, song, toradar og komp, og kurs i halling og knøttedans (dans for dei minste).
- Start gjerne denne helga på Hardanger Folkemuseum alt fredagen. Der vert det solokonsert med Håkon Høgemo. På laurdagen kan du fortsetja vidare til Granvin og få med deg eit kurs i spel eller dans, og konsert med Aamos og dans i Løo på Seim på laurdag. Sundag vert det workshop med Mark Laurenson og Kevin Henderson.
På den nye nettsida vil også kunna oppdatera seg på prosjektet Hardingdans som er eit prosjekt i samarbeid med kulturskulane i Hardanger.
– Dette er eit prosjekt som er i oppstartsfasen. Målet er å gje born og ungdomar opplæring i lokale dansetradisjonar ved hjelp av profesjonelle utøvarar innanfor folkedans og folkemusikk, fortel Halldis Folkedal..
Folkemusikk.no ynskjer Hardanger Spelmannslag til lukke med den nye nettsatsinga. Her kan du gå inn på hardingfolk.no. Du kan óg ta direkte kontakt med styreleiar Halldis Folkedal.
-
Kul heimesida!Skrevet av Gudrun Folkedal (gudrun DOT folkedal AT gmail DOT com) [10.02 11:07]Dette var jammen over all forventning!
Kul heimesida!
Eg kjem til å stikka innom heimesida kvart sekund dei neste 100 åra!
[Svar]
(1) | Tips en venn | Skriv ut | Del på Facebook










