Folkemusikk logo
Logo

Spektakulære folkemusikkscener på Solsiden

Kamfest markerer 30 år med eit brak: Laurdag 27. september blir KLP Dokken fylt av dans, musikk og sirkus når festframsyninga Faldafeykir går av stabelen. Med FRIKAR dansekompani, komponist og felespelar Gjermund Larsen med band, og unge sirkustalent frå Trondheim kulturskule, ligg mykje til rette for ei storslått oppleving – før festen held fram med jam og dans på Dokkhuset.

Det blir etterfest på Dokkhuset etter Faldafeykir. Foto: Kristian Wanvik

Det blir etterfest på Dokkhuset etter Faldafeykir. Foto: Kristian Wanvik

Tekst: Pressemelding/redaksjonen

Namnet Faldafeykir er henta frå ei gammal saga, der helten Sigurd spelar så villt på harpa at skjørta flyg av danserne og byrjar å danse av seg sjølv. Denne energien ligg også til grunn for framsyninga, som kombinerer norsk folkemusikktradisjon med inspirasjon frå sufi-tradisjonen og dervisjdansen.

Koreograf og regissør Hallgrim Hansegård og komponist Gjermund Larsen står bak verket, og har med seg eit sterkt lag av utøvarar:

  • Dansarar frå FRIKAR: Julianne Solli, Johanne Annesdotter Skogstad, Anita Vika Langødegård, Håkon Håvelsrud Odden og Marnie Josefine Fiebig.
  • Musikarar: Gjermund Larsen (fele), Ståle Storløkken (tangentar), Ruth Potter (harpe), Hans Hulbækmo (perkusjon), Chris Stout (fele) og Catriona McKay (skotsk harpe).
  • Frå Trondheim kulturskule: Sirkurious med gjest Alvin Nilsen-Nygaard, leia av instruktørane Lea Moxness, Seela Wanvik, Børre Isac L’orange og Kristian Wanvik.

I tillegg bidreg Eirik Brenne Torsethaugen (lys), Tor Breivik (lyd), Berit Haltvik With (kostyme) og produsent Ida Eilertsen til å løfte produksjonen.

Etterfest på Dokkhuset

Når tonane har stilna i Dokken, held festen fram på Dokkhuset frå kl. 22 i samarbeid med TrondheimFolk. Her blir det dans og jam med Folkens frå Trondheim kulturskule, Ronny Kjøsen (trøorgel), Einar Olav Larsen (fele), Gjermund Larsen (fele) og Magne Vestrum (bass). Publikum blir oppmoda til å ta med eigne instrument og bli med på jammen ut i dei små timane.

Praktisk informasjon

  • Faldafeykir: laurdag 27. september kl. 21:00, KLP Dokken. Gratis inngang.
  • Etterfest på Dokkhuset: laurdag 27. september kl. 22:00. Billettar: kr 250/125 (student).

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024