Folkemusikk logo
Logo

Kartellet tar leik og folkedans til Tromsø-skulane

Det blir garantert ville bilete og mykje latter når dansekompaniet Kartellet møter over 1000 fjerdeklassingar i Tromsø 6.–8. oktober. På Tromsø Kulturhus spelar dei framsyninga An dran drin drekt – ei forestilling som byr på felespel på stylter, krumspring, folkedans og rare regler.

BALANSETEKNIKK_foto_Knut_Aaserud_L1120656

Kartellet skal rundt i Tromsø-skulen i neste veke og spele, leike og danse med 1000 elevar. Foto: Knut Aaserud

An dran drin drekt har vore vist meir enn 200 gonger, mellom anna på Moldejazz, Rockheim, Festspillene i Bergen og Festspillene i Nord-Norge. No kjem framsyninga heim til Tromsø med ei blanding av fotball, stylter, leik og folkemusikk.

– Vi vil dele med verda at den rare, artige leiken er gull verdt, seier Kartellet-sjef, Sigurd Heide.

Den rytmiske regla som har gitt namn til framsyninga er kjent frå Grytøya og Vesterålen:

«An dran drin drekt. Kontra både fem og seks. Bom bam dutri dam. Silkemaga, buldrikaka. Ditt om. Pøk utav.»

Som ein fun fact kan Heide fortelja at førestillinga har vore ute i hardt vêr, bokstaveleg talt.

- Førestillinga har vore spelt i stiv kuling og 13 minus, og 33 varmegrader som kontrastar. Fungerer både vinter og sommar.

Kartellet håpar å inspirere barn og vaksne til å leike meir i kvardagen – og kanskje til og med danse.

Medverkande:

  • Jo Einar Sterten Jansen (Målselv) – stylter og fele
  • Sigurd Johan Heide (Grytøy/Tromsø) – krumspring og dans
  • Tone Ingvaldsen (Bodø/Målselv) – reglar og dans

Framsyninga er coprodusert av Festspillene i Nord-Norge og støtta av Norsk Kulturfond.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024