I haust har Vemund Olav Aukrust gitt ut plate med Ingrid Lingaas Fossum i duoen Himmelleite, der dei spelar saman på diverse orgel, langeleik, lyre og song. Til dagleg er han organist på Ål og bryner seg på eit variert repertoar frå dei siste 1500 åra.

Vemund Olav Aukrust er organist og har i haust gitt ut plate saman med Ingrid Lingaas Fossum. Foto: Guro A. Midtmageli
Tekst: Johanne Flottorp
– Det er nokre år sidan Ingrid og eg byrja å spele saman. Me hadde ei forestilling om at det eine instrumentet hadde noko det andre ikkje hadde. Eit orgel kan jo ligge «evig» på tonen og fylle eit rom skrekkelig lenge, medan langeiken er meir perkussiv. Me tenkte det ikkje var så dumt å teste dei i lag, fortel Vemund Olav.
Han legg til at fordelen med eit monokordisk instrument, som langeleiken, er at det klaffar greitt så lenge han trakkar rundt i rett skala, men at det også fører til nokre begrensingar. Mellom anna spelar Ingrid på fleire litt skakke langeleikar, noko som kan bli utfordrande på orgela som oftast er meir likesvevande stemde.
– Det er også ei heil verd av ulike orgel. Ein ting er kammertonen, som òg kan variere med temperatur og om det er mykje eller lite folk tilstades, men til dømes på Ål har me ein stilkopi av eit fransk barokkorgel, og der er det nokre toneartar som klinger litt reinare enn andre, fortel han.
Vemund Olav kjem frå Lom og hadde nokre feletimar hos Bjørn Odde i barndommen. Men det var klassisk piano han konsentrerte seg om og som seinare blei til orgelstudium både ved Noregs musikhøgskule og i Tyskland.
– I Tyskland var det mykje fokus på historisk informert oppføringspraksis, og då slo det meg at dette med tradisjon og tolking, det er eigentelg det samme i folkemusikken og barokkmusikken. Det noterte er ikkje heile sanninga, seier han.
I prosjektet med Ingrid dykka dei ned musikken knytt til i fjellivet og seterdrifta, og plata deira har fått namnet «Efterklang fra fjeldreisen». Sjølv har Vemund Olav studert friluftsliv og jobba som fjellførar, så dette prosjektet var ein god moglegheit til å kombinere dei to interesssene.
I fjor turnerte dei to på turisthytter, noko dei gjerne vil gjere igjen, så snart Vemund har fått seg eit meir reisevenleg orgel. For på tampen av sommaren blei det ein liten tur innom sjukehus som følgjer av for mykje bering av trøorgel i røys, som han sjølv seier.
– Men folk stiller opp og drasser og ber der det trengst. Det er ikkje verdas mest praktiske instrument å reise rundt med, men nå har eg stått på venteliste på eit samanleggbart harmonuim i Hardanger i tre år, så eg håper eg skal få tak eit slikt før neste sommar, seier han.

Ingrid Lingaas Fossum og Vemund Olav Aukrust på Olestølen. Foto: Privat
Namn: Vemund Olav Aukrust
Fødd: 1996
Kjem frå: Lom
Bur på: Ål i Hallingdal
Yrke: Organist
Kvifor spelar du?
Speling er ein fin måte å sette tonar til livet på. Det er jo det ein gjer i kyrkja. Der møter ein folk i forskjellige samanhengar, og musikken der er bruksmusikk. Så det følest meiningsfylt.
I tillegg er det ei artig og spennande utfordring å ha 1500 års musikkhistorie å bryne seg på, alt frå gregoriansk song til popmusikk i bryllaup. Men eg skulle gjerne brukt meir tid på dei store orgelverka.
Kva var den siste konserten du var på som publikummar?
Eg var på eit par konsertar førre veke, blant anna med Hekate og Lars Fivelstad Småberg her på Ål. Det var folkemusikklubb og mykje folk i samband med springarforum der.
Viss du bare kunne høyrd på ei plate resten av livet – kva for ei hadde det vore?
Me hadde akkurat eit folkemusikkseminar her i kyrkja på Ål der mellom anna konsertorganisten Gunnar Idenstam var på besøk. No som det nærmar seg jul for ein kyrkjemusikar, vel eg ei plate av han, Folkjul. Eg likar veldig godt arrangementa hans for kor, fele, orgel og folkesong.
Nemn ei av dei største folkemusikkopplevingane du har hatt.
Korttidsminnet er ofte til å stole på. Eg var på ein utruleg fin konsert i Vågåkyrkja for nokre veker sidan. Den heitte «For sent å tenke seg om» og var med Oslo kammerkor, Martin Steinum Brun og Åsmund Farstad. Eg er lettrørt eg, forsåvidt, men den konserten var ei skikkeleg gåsehudoppleving. Måten Oslo kammerkor driv på, det er utruleg fint, altså.
Kva trur du er den beste måten å gå fram på for å få folk til å bli interessert i folkemusikk og folkedans?
Tja, kanskje å presentere og inkludere folk i det i flest mogleg samanhengar. Eg trur det skal lite til for å bli begeistra om ein blir kasta inn i ekstatisk buskspel eller ut på yrande dansegolv. Ein svensk kompis fortalde at buskspelkulturen i Sverige kan gje inntrykk av å vere litt meir lågterskel enn i Noreg, for der spelar «alle» eitt eller anna og hiv seg med i leiken. Her til lands verkar det derimot som at alle som jammar er så gode, så me ville slå eit slag for slurvete samspel og uhøgtidelege dansegolvet. Litt respekt er ikkje dumt, og det er inga ulempe at folk kan sakene sine, men eg opplever folkemusikken og -dansen som både kjerne i og ramme for utruleg inkluderande fellesskap, berre ein kan nokre grunnleggjande kodar. Det at folk med vidt ulike aldrar, bakgrunnar og «teknisk nivå» kan sameinast rundt slike musikalske og kroppslege opplevingar, trur eg er unikt i dagens samfunn.
Sist oppdatert