Til helga blir det folkemusikkfest både i hovudstaden og i Hardanger. Laurdag 11. oktober går Oslokappleiken av stabelen på Riksscenen, medan Vestlandskappleiken fyller Kunsthuset Kabuso og Hardangerfjord hotell i Øystese med spel, dans og song frå fredag til søndag.

Alexander Røynstrand og Ulf-Arne Johannessen her frå høvesvis Vestlandskappleiken og Oslokappleiken i fjor, er også å finne på startlistene for årets kappleikar. Foto: Kjellbjørn Karsrud.
Tekst: Redaksjonen
Laurdag 11. oktober er det igjen klart for Oslokappleiken på Riksscenen – ein heildagsfest for folkemusikkmiljøet i hovudstaden. På dagtid blir det tevling i ei rekkje klassar: vokal, lagspel, spel fele, spel hardingfele, durspel/trekkspel, samspel/åpen klasse, eldre folkemusikkinstrument, dans fele, dans hardingfele og lagdans – alle delt i junior- og seniorklassar.
For dei yngste blir det sjokoladekappleik for barn under 12 år, arrangert av Unge folkemusikere i Oslo (UFO). Her kan barna spele, synge eller danse – aleine eller saman med andre – og får tilbakemelding frå unge dommarar og ei sjokoladepremie frå scena.
Startliste for Oslokappleiken 2025 Lenke til et annet nettsted.
(Lista blir oppdatert fortløpande gjennom dagen. NB! To faner: Hovedscenen og Klubbscenen.)
Dommarar Oslokappleiken 2025:
Kvelden rundast av med dansefest for alle – slik tradisjonen tilseier.
Samtidig som Oslokappleiken går føre seg, samlast folkemusikarar og dansarar frå heile Vestlandet til Vestlandskappleiken 2025 i Øystese 10.–11. oktober.
Kvemmingen spel og dansarlag står som arrangør, og både Kunsthuset Kabuso og Hardangerfjord hotell blir fylt med musikk og dans gjennom heile helga.
Kappleiken startar fredag kveld med lagdans, pardans og halling i juniorklassane, og held fram laurdag med tevlingar i fele, hardingfele, vokal, eldre instrument, lagspel og sjokoladekappleik for dei yngste.
Laurdagskvelden byr på utdeling av Audhild Flaktveit Moxnes minnepris og kveldsdans på hotellet, medan sundagen blir avrunda med representantskapsmøte og folkemusikkmesse i Øystese kyrkje.
Program og startlister: Vestlandskappleiken 2025 Lenke til et annet nettsted.
Dommarar Vestlandskappleiken 2025:
Med to store kappleikar på same helg blir det ei travel helg for folkemusikkfolket – og eit rikt høve for publikum til å oppleve breidda i norsk tradisjonsmusikk.
Same helg går elles Vestlandsmeisterskapen i toradarspel Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. av stabelen på Voss i lokala til Ole Bull Akademiet. Meir informasjon om dette finn du mellom anna på nettsida til arrangøren Voss ungdomslag Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
Enten du tek turen til Riksscenen i Oslo, Ole Bull Akademiet på Voss eller til Øystese i Hardangerfjorden, ligg alt til rette for ei helg med spelglede, dans og levande folkemusikkfellesskap.
Sist oppdatert