Han har akkurat gitt ut ny plate med bandet Gabba, som musikalsk blandar Finnmarksvidda med ørkenlandskap, blues og indisk krydder. Joiken er kvardagen, seier John André Eira, vekas gjest i Fredagspraten.

John André Eira har akkurat gitt ut plate med bandet Gabba. Foto: Øystein Jensen
Tekst: Johanne Flottorp
– Ein joik er noko som kjem av seg sjølv på ein kreativ dag. Det er ikkje slik at eg bare kan setje meg ned og bestemme meg for at «no skal eg lage ein joik som skal vere ferdig då og då». Joiken kjem gjerne når eg minst tenkjer på det, fortel John André Eira, som er frontfigur i bandet Gabba.
Bandet er for tida aktuelle med si andre plate, og i september hadde dei sleppkonsert på Parkteatret i Oslo. For debutalbumet innkasserte dei ein Spellemann i tradisjonsmusikk.
I presseskrivet til plata, skildrar produsent og bandmedlem Ola B. Vårtun musikken til bandet på denne måten: «John André sit og joikar i godstolen, medan me andre, armeen hans av søringar, slenger oss på med kvar vår musikalske ryggsekk, pakka med folkemusikk, hip-hop, blues og afrikanske rytmar, til tider krydra med indiske smakar».
På det første albumet baserte dei mykje av låtmaterialet på gamle jokar, gjerne så gamle at ingen veit kven som har laga dei. På den nye plata Smestániá, har John André laga dei aller fleste joikane sjølv. Han har også samarbeidd med samiske tekstforfattarar og har skrive meir tekst denne gongen.
– Dei gongene eg lagar ein joik, skjer det gjerne etter ei hending, at eg har treft ein interessant person eller vore med på noko veldig spennande. Men eg kan også bli inspirert av å høyre anna type musikk, fortel han.
Musikken utformar bandet i fellesskap, og på denne plata er alt gjort i huset plata er oppkalla etter. Eit gammalt hus på Smestad i Oslo har fungert som bandets kreative vogge frå starten, og både som studio og kollektiv. Dei fleste i bandet har budd her i ulike periodar, og John André bur her i dag.
– Plata er ein hyllest til denne kreative flata, her på Oslos beste vestkant, seier John André.
Sjå programmet NRK-scenen frå kollektivet her Lenke til et annet nettsted..
– Av og til går ting veldig lett, me set igang ein jam og så går nesten alt av seg sjølv. Andre gonger er det litt meir jobb, og då kan me ta med oss låta kvar for oss for å teste litt ulike idear. Men reint musikalsk har det skjedd ei utvikling i og me at me har spelt saman lengre nå. Me veit kva sound me er ute etter. Men det som eg sjølv synest er kult med denne plata, er at ingen av låtane liknar på kvarandre, seier John André.
%2066f5ef0f-18b4-4a01-9cb6-0ebcbbfad4e5.jpg)
Gabba i India. Foto: Privat
Namn: John André Eira
Født: 1991
Kjem frå: Máze i Kautokeino kommune
Bur på: Smestad i Oslo
Yrke: Musikar
Kvifor joikar du?
Fordi det er det einaste eg kan. Så enkelt og så vanskeleg. Eg trur ikkje det finst noko enkelt svar på det.
Joiken er på ein måte kvardagen. Det har eg gjort dagleg sidan eg var veldig liten. Det er alfa og omega for meg.
Kva var den siste konserten du var på som publikummar?
Eg var på Pumpegris sin konsert på Øyafestivalen. Og på konserten til reggaelegenden Scientists samme dag. Det var heilt nydeleg. To heilt forskjellige opplevingar, men begge var like bra på kvar sin måte.
Viss du bare kunne høyrd på ei plate resten av livet – kva for ei hadde det vore?
Emilie Nicolas si plate Like I’m a Warrior. Fordi den er såpass variert. Om noko skal vere med på ei aude øy eller liknande, må det vere noko variert. Dette er ei heilt ypparleg skive, den har alt, både tristheit og gladheit.
Nemn ei av dei største folkemusikkopplevinga du har hatt.
Eg var på ein konsert i Polen eller Estland med ei tanzaniansk kvinneleg gruppe, og etter konserten fekk eg høve til å helse på dei. Desse kvinnene var frå folkegruppa gogo, og i ein del av Tanzania og Kenya finst det ein del folkemusikk som liknar på joik. Då eg møtte dei forklarte eg at me har litt musikalske ting til felles, og eg tok ein joik for dei. Då byrja dei plutseleg å synge med og improvisere opp det. Det var stort for meg.
Kva trur du er den beste måten å gå fram på for å få folk til å bli interessert i folkemusikk og folkedans?
Det handlar rett og slett om eksponering. Folk må få sett og høyrt det.
Sist oppdatert