Folkemusikk logo
Logo

Hardingfele, gitar og klarinett i samklang

Gruppa Mojna med Thomas Eriksson og Anna Malmström er ute med si tredje plate, Mareld, og har no fått med seg hardingfelespelar Tuva Færden i trioen.

Den svensk-norske gruppa Mojna. Foto: Frederick Kihle.

Den svensk-norske gruppa Mojna. Foto: Frederick Kihle.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen

Den svensk-norske trioen MOJNA fortset å utforske grenselandet mellom folkemusikk, kammermusikk og improvisasjon på sitt tredje album Mareld. Resultatet er eit lydlandskap der hardingfele, gitar og klarinett flettar seg saman i eit musikalsk lysglimt – som sjølve fenomenet mareld.

MOJNA har dei siste åra markert seg som eit av dei mest særprega prosjekta i den nordiske samtidsfolkemusikken. Det førre albumet Väntenätter fekk terningkast seks av NRK og førte til at gitarist og komponist Thomas Eriksson vart kåra til Årets komponist under Folk- & Världsmusikgalan 2025.

Med Mareld har trioen fått eit nytt uttrykk – ikkje minst gjennom tilkomsten av hardingfelespelaren Tuva Færden, som tok over etter Helga Myhr i 2024. Færden tilfører eit særmerkt tonespråk nye impulsar og har gjeve gruppa eit fornya uttrykk.

All musikken er skrive av Eriksson, men i motsetning til dei tidlegare platene er arrangementa denne gongen utvikla i fellesskap. Albumet har ein gjennomgåande raud tråd, der tema kjem att i nye variantar.

Inspirasjonen frå klassisk musikk – mellom anna Johannes Brahms – kjem til syne i låtar som Björnögon og Ide, medan tittelsporet Mareld skil seg ut med ein pedal på gitaren som skaper eit trøorgel-preg. Publikumsfavoritten Ishav har endeleg fått plass på dette tredje albumet til gruppa.

– Vi ville skape eit album der kvar instrumentstemme både kunne stå åleine og smelte saman til noko større, seier Eriksson. Stemninga under innspielinga var både konsentrert og leikfull, og det var som alltid inspirerande å høyre korleis Tuva og Anna la til nye nyanser som eg ikke hadde forestilt meg i komposisjonsfasen, seier Eriksson.

MOJNA har tidlegare spelt på scener som Førdefestivalen og Rudolstadt i Tyskland. I samband med lanseringa av Mareld held trioen konsert i Kulturkirken Jakob i Oslo 13. oktober, samtidig har dei planar om å ta ein turné i Norden og Tyskland i 2026.

MOJNA er:
Thomas Eriksson – gitar og komposisjon
Tuva Færden – hardingfele og song
Anna Malmström – klarinett og bassklarinett

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024