Lokallaga i FolkOrg får i år ein gyllen sjanse til å styrkje aktiviteten for barn og unge: Prosjektpotten i Frifond organisasjon er større enn vanleg, og FolkOrg oppmodar alle lag til å sende inn søknad innan onsdag 15. oktober.

Medlemmar under 26 år er grunnlaget for den summen FolkOrg får til utdeling til lokallaga sine. Illustrasjonsfoto av Småjondølenes dansarlag: Runhild Heggem.
Tekst: Redaksjonen
Frifond organisasjon er ei støtteordning oppretta av Stortinget for å styrkje dei økonomiske rammene for frivillige organisasjonar og lokalt kulturarbeid for barn og unge under 26 år. FolkOrg søkjer kvart år Norsk musikkråd om midlar frå Frifond, som dei deretter fordeler vidare til lokale tiltak i medlemslaga. I fjor vart det delt nærmare 700 000 i støtte til søkjarar gjennom FolkOrg. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Ordninga er todelt, og lokallag kan søkje om både driftstilskot og prosjektstøtte:
– Driftstilskot kan gå til faste øvingskveldar, møteverksemd og liknande, og blir tildelt etter talet på medlemmar under 26 år. Prosjektstøtte kan gjevast til kurs, reiser, samlingar og seminar som rettar seg mot born og ungdom, med mål om rekruttering, fortel FolkOrg sin kontaktperson for Frifond, Live Visdal.
På grunn av overskytande midlar frå kompensasjonsordninga for juniordeltaking under Landskappleiken og Landsfestivalen, er prosjektpotten i år ekstra stor. Visdal oppmodar difor alle lag som planlegg aktivitetar for barn og unge i 2026 til å søkje.
Ordninga gjeld for aktivitetar i perioden 1. januar–31. desember 2026. Det er enkelt å sende inn søknad og rapportere på midlane, og søknadsmal for prosjektbudsjett ligg på FolkOrg sine nettsider.
Les meir og søk her: Frifond organisasjon for 2026 – utlysing på folkorg.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Kontaktperson:
Live Visdal, rådgjevar i FolkOrg: live@folkorg.no
Sist oppdatert