To sterke stemmer frå folkemusikkfeltet er blant årets vinnarar av den prestisjetunge Edvard-prisen frå TONO. Kajsa Balto er heidra i kategorien tekst for albumet Rájás, medan trioen ULD vann i den såkalla opne klassen for albumet Fra en annen virkelighet.

Kajsa Balto (foto: privat) og gruppa Uld (foto: Kristian Dugstad) er vinnarar av TONO sin Edvard-pris.
Tekst: Pressemelding/redaksjonen
Edvard-prisen har sidan 1998 blitt delt ut årleg av TONO til komponistar, låtskrivarar og tekstforfattarar som har utmerkt seg med særleg sterke musikalske prestasjonar. Prisen er oppkalla etter Edvard Grieg, og skal løfte fram nyskriven norsk musikk av høg kunstnarisk kvalitet. Vinnarane får 70 000 kroner, diplom og trofé utforma av Magne Furuholmen.
Kajsa Balto får Edvard-prisen for tekstane på albumet Rájás (2023), eit verk der ho med kraft og inderlegheit skildrar fornorskinga av samane og arven etter denne historia. Juryen meiner Balto «gir ei stemme til generasjonane som ikkje kunne ytre seg, og har henta fram krafta dei har overlevert til dei som kom etter».
– Eg er så takksam for å ha vunne denne prisen for nettopp dette albumet og desse tekstane. Rájás er samisk for «på grensa», og med tittelen viser eg både til eit fysisk stad – Grensen internatskule der samiske barn vart sende for å fornorskast – og til den usynlege grensa for kva eit menneske, ein familie, eit lite samfunn, eit folk kan tole, seier Balto.
Ho fortel at prosessen bak albumet førte til ei erkjenning av både smerte og styrke:
– Eg innsåg at eg ikkje berre har arva sorger og traumer, men òg ei stor kraft og vilje til å finnast, ei ny takksemd for det eg er og har. Og det skal eg vidareføre til barna mine.
Samtidig som prisen vert offentleggjord, slepper Balto òg den nordsamiske versjonen av julesalmen Deilig er jorden – Havski lea eanan – saman med Kringkastingsorkesteret (KORK). Singelen er første smakebit frå julealbumet Sámi Juovllat – Samisk jul i Operaen med Kajsa Balto & KORK, som kjem 7. november.
Trioen ULD, med Une Lorentze Onarheim, Lucia Andreadatter Utnem og Dagny Braanen Lindgren, fekk Edvard-prisen i kategorien open klasse for debutalbumet Fra en annen virkelighet (2024).
Juryen løftar fram trioen si evne til å kombinere inspirasjon frå vise, indie, jazz, folk og tradisjonsmusikk i eit uttrykk som både er eksperimentelt og djupt forankra i norsk kulturarv. «Gjennom ærlige og gjennomtenkte tekstar, komplimentert av gjennomarbeidde musikalske arrangement, skaper dei ei heilskap som rører djupt», heiter det i grunngjevinga.
– Ein blir ordlaus. Det er ekstremt stas og ei enorm anerkjenning. Vi vart heilt tekne på senga – og det er utruleg gøy. Det gir masse drivkraft til å halde fram med å lage musikk, seier ULD.
Edvard-prisen er ei av dei viktigaste heiderane for komponistar og tekstforfattarar i Noreg, og blir delt ut av TONO, organisasjonen som forvaltar dei økonomiske rettane til over 44 000 norske musikkopphavarar. Juryen består av framståande komponistar, låtskrivarar og musikkforleggjarar frå ulike delar av musikklivet.
NB! Folkemusikk sin journalist, Johanne Flottorp, har sete i juryen for Edvard-prisen.
Sist oppdatert