I dag ønsker Martin Myhr velkommen til Storhelg i Hallingdal for 12. gong. Å lage gode sosiale møteplassar for ungdommar er viktig for han, for han trur at om ein først blir smitta av folkemusikk- og folkedansviruset, så blir ein aldri frisk.

Martin Myhr er klar for Storhelg i Hallingdal. Her er han på Landskappleiken i år. Foto: Anders Medhus
Tekst: Johanne Flottorp
– Det er nesten ein heilårsaktivitet å førebu denne helga, men det strammar seg til den siste veka, seier Martin Myhr. Han har dei siste dagane fått orden på alle dugnadsfolk, kontroll på kven av deltakarane som treng transport, sett at det tekniske er på plass, sørga for at matplanen fungerer og sendt diverse skjema til brannvesenet, for å nemne noko.
Martin er eldsjela bak Storhelg, og han driv på meste aleine, med alt frå å få tak i lærarar til å søkje pengar, booke artistar og organisere dugnadsfolk. Men når helga kjem, har han mange gode hjelparar med seg. Totalt er det bortimot 30 frivillige som får arrangementet til å flyte godt frå fredag til søndag.
– Nytt av året er at me har fått med 13 russ som skal jobbe dugnad. Eg har fått midlar frå fylket gjennom eit prosjekt som heiter Ung deltaking, som skal involvere ungdom. Så då tener dei nokre kroner til russegruppa si, seier Martin.
Det er i år påmeldt 79 deltakarar, med ungdommar frå ungdomsskulealder og oppover. Hovudvekta av deltakarane kjem frå det sentrale austlandet, rundt Oslofjorden, men det er også mange frå Valdres og Gudbrandsdalen, Hallingdal, Vestlandet og nokre frå Nord.
I år skal Leif Stinnerbom og Mats Berglund ha kurs på fele og spele til dans, men dei er ikkje dei einaste som tek turen frå Sverige. Det kjem totalt åtte svenske ungdommar, både frå Västanå ung og frå Arvika.
– Kvifor lagar du til Storhelg år etter år?
– I første omgang gjer eg dette for at ungdommane her skal få treffe andre. Eg ser det så tydeleg, at dei som ikkje reiser på Strunkeveko, Barne- og ungdomssamlinga eller Storhelg, dei sluttar etter kvart, sjølv om dei har halde på lenge. Eg vil at dette skal føre til at dei får lyst til å reise på andre arrangement, for å treffe igjen folka dei blir kjende med her, seier Martin.
Han legg til at det også er viktig at ungdommane får vore saman med andre som driv med noko av det samme, sjølv om dei ikkje driv med nøyaktig samme disiplin.
Dansefesten laurdagskvelden, felles måltid og litt fritid, og ikkje minst at alle bur saman i ein gymsal, gjer at sosialisering på tvers av kursa ikkje er noko problem.
– Her kan dei møte folk som gjer noko anna, sjølv om det er innanfor samme sjanger. Då kan dei sjå at dei som spelar langeleik og dei som dansar halling har noko til felles, seier Martin.

Martin Myhr og Ådne Kolbjørnshus vann høvesvis Halling D og Halling A på Landskappleiken i år. Her dansar dei under Meisterkonserten. Ådne er ein av lærarane på Storhelg denne helga. Foto: Anders Medhus
Namn: Martin Myhr
Fødd: 1960
Kjem frå: Trysil
Bur på: Torpo i Hallingdal
Yrke: Dansar, skodespelar og pedagog. Tidlegare tømmerhoggar og tømmerfløytar.
Kvifor dansar du?
Det er fordi det ikkje går an å la vere. Eg har i alle fall ikkje klart det dei siste 55 åra.
Kva var den siste konserten du var på som publikummar?
Eg var på ein storbandkonsert i Trysil for litt sidan, med eit lokalt storband, som akkurat har fått ny leiar. Og det er nevøen min, Anders Lillebo.
Viss du bare kunne høyrd på ei plate resten av livet – kva for ei hadde det vore?
Det er i alle fall deler av ei plate eg har spelt så mykje at eg veit at den funker. Det er Sigmund Eikås si plate som han har spelt inn med dansarar tilstades, noko du høyrer. Eg har som regel ikkje musikar til dei yngste gruppene eg underviser, så denne plata har eg brukt mykje. Eg har klart å høyre på ein del av hallingane der ganske mange hundre gonger til nå, og den funker endå.
Nemn ei av dei største folkemusikk/folkedans-opplevingane dine.
Det var nok då Mats Berglund spelte halling for meg på Landskappleiken på Fagernes i 1992. Då smelta me bare så sammen at det blei ei slags euforisk oppleving. Den sit i kroppen endå.
Kva trur du er oppskrifta for å skape varig interesse for folkemusikk og folkedans hos folk?
Eg trur det sosiale er kjempeviktig. Du må komme ordentleg inn i det, og då er det sosiale viktigast. Så vil nok mange bli sjølvgåande etter kvart. For viss du først har blitt ordentleg smitta av dette her, så blir du aldri frisk!
Sist oppdatert