Folkemusikk logo
Logo

Berit Opheim får Osaprisen for 2025

Sidan slutten av 1980-talet har Berit Opheim vore ein av dei mest sentrale og viktigaste musikarane i Noreg, skriv juryen i grunngjevinga. Utdelinga skjer i samband med Osafestivalen på Voss laurdag 25. oktober i Voss idrettshall.

Berit Opheim har utmerka seg som ein av dei store folkesongarane i vår tid. Foto: Roger Tallroth.

Tekst: Pressemelding

Det er med stor glede styret i Stiftelsen Ole Bull Akademiet tildeler Osaprisen for 2025 til Berit Opheim, skriv dei i ei pressemelding.

Sidan slutten av 1980-talet har Berit Opheim vore ein av dei mest sentrale og viktigaste musikarane i Noreg. Den vide musikalske horisonten hennar, spenner frå folkemusikk til samtidsmusikk og jazz. Ho er ein musikar på høgt internasjonalt nivå, som samstundes er rotfesta i ein lokal songtradisjon. Det er det som gjer ho til den eminente utøvaren ho er.

Ho er ein av dei mest sentrale formidlarane av den vokale tradisjonsmusikken i Noreg, og har mellom anna vunne Landskappleiken tre gonger. Folkesongen har heile tida vore fundamentet hennar som utøvar, men det er som brubyggjar mellom ulike musikalske sjangrar ho har hatt mesteparten av virket sitt. Heilt sidan seint 1980-tal og gruppa Orleysa, har har ho vore med å gå opp vegar mellom folkemusikken andre musikksjangrar. Desse vegane har bokstavleg tala ført ho frå ungdomshuset på Bulken til Carnige Hall. Med på reisa hennar har ei høg kvalitetskjensle og ei audmjuk nyskjerrigheit vore rettesnora.

Ho har urframført ei rekkje nyskrivne verk, mellom anna av Lasse Thoresen, og i 2005 hadde ho rolla som Månefruva (Nattens dronning) i Rikskonsertene si oppsetjing av Tryllefløyta i folkemusikkdrakt, og ho har vore solist med Kringkastingsorkestret. I 2007 hadde ho, saman med Ståle Stoløkken, tingingsverket på Vossa Jazz, og igjennom ei rekkje år var medlem i Trio Mediæval, og med dei, og med andre prosjekt har ho turnert over store delar av verda.

Gjennom heile karrieren hennar har likevel formidlinga av tradisjonsmusikken vore den raude tråden. Konsertar, innsamling av- og ikkje minst undervisning i folkemusikk har vore eit fundament for alt ho har drive med som musikar. Frå undervisning av Småkvedarane til tallause kurs på Ole Bull Akademiet, rettleiing av studentar, til work shops i inn- og utland. Og sist, men ikkje minst, det store innsamlingsarbeidet ho har gjort med den vokale tradisjonen på Voss.

Heile tida med tradisjonen etter Margreta Opheim og visjonane til Sigbjørn Bernhoft Osa som rettesnor og inspirasjon. Arbeidet hennar set spor som kulturnasjonen Noreg treng.

Sjå Berit Opheim synge Nøringen i denne instruksjonsfilmen frå hardingfela.no. Sjå elles Berit Opheim i dette NRK-programmet frå 2009: "Kari Slaatsveen møter sangeren Berit Opheim Versto" Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Om Osaprisen

Prisen har blitt gjeve ut med ujanmne mellomrom til personar som har brukt, henta inspirasjon frå eller fornya folkemusikken på ein framifrå måte. Prisen kan gjevast til ungdom under musikkutdanning som legg vinn på å bruke norsk folkemusikk i tradisjonell eller komponert/arrangert form, norsk komponist som legg vinn på å bruke norsk folkemusikk i sitt arbeid, eller den eller dei som gjer godt arbeid med å gjere norsk folkemusikk kjend i andre land.

Desse har fått prisen tidlegare: Håkon Høgemo (1992), Agnes Buen Garnås (1994), Einar Mjølsnes (1997), Lasse Thoresen (1997), Einar Olav og Gjermund Larsen (2004), Nils Økland (2010) og Annbjørg Lien (2024).

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024