Folkemusikk logo
Logo

Disputerer med hardingfela

Tysdag 28. oktober disputerer hardingfelespelar Gro Marie Svidal for graden ph.d i kunstnarleg utviklingsarbeid ved Norges Musikkhøgskole.

Gro Marie Svidal skriv seg inn i folkemusikkhistoria med nytt doktorgradsprosjekt. Foto: Roger Andre Vie Hansen.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen.

Svidal avslutta doktorgradsprosjektet sitt i mai med ein open konsert, og slepte i sommar dobbel CD-en «Tryllespel» som også inngår i arbeidet. No ventar ei drøfting av prosjektet saman med bedømmingskomité og publikum.

– Det er med stor glede eg førebur meg til disputas. Etter å ha jobba med prosjektet over nesten fire år, blir det fint å dele det offentleg, seier Svidal.

I prosjektet har Svidal undersøkt korleis ho kan sameine tradisjon, instrument, eigen estetikk og musikalitet i musikken som faldar seg ut gjennom improvisasjon som metode. Målsetjinga har vore å gje det klingande resultatet ein folkemusikalsk identitet og ein personleg individualitet.

– Ei tid ut i prosjektet gjekk det opp for meg at mykje av det eg leita etter, både materiale, tankesett og arbeidsmåtar var å finne i dei improviserte førespela, eller preludia våre. Når eg vart medviten dei, opna det seg mange dører. Førespel vart nøkkelen til korleis eg vil skape den improviserte musikken min, fortel Svidal.

Prosjektet har vore eit arbeid med fleire bestanddelar. Svidal har jobba både solo og i samspel med musikarar og dansarar. Arbeidet har ført til mange refleksjonar.

– Arbeidet har først og fremst vore ei praktisk utforsking. Eg har fokusert på improvisasjonshandverket og freista skape ein metode. Samstundes kjem det til mange refleksjonar undervegs i eit arbeid som dette, mellom anna kring forståinga av ordet improvisasjon i ulike musikalske samanhengar.

Ho har også reflektert mykje kring spelerommet i tradisjonen og korleis repetisjon av det gamle spelar saman med fornying.

– Eg har stilt meg spørsmålet: kva er det i tradisjonen eg ønskjer føre vidare, og kva nytt ønskjer eg legge til for å skape ein musikk som speglar meg her og no?

Under disputasen vil Svidal først presentere prosjektet sitt. Etterpå vert det samtale mellom henne og komiteen som vurderer arbeidet.

– Eg håpar og trur det blir ein disputas som får fram ulike sider av prosjektet ,og som kan diskutere fleire av dei tema eg rører ved.

Ho håpar mange finn vegen til Levinsalen på Norges Musikkhøgskole den dagen. På sett og vis er det ein merkedag då Svidal er den første folkemusikaren i Noreg som disputerer til ph.d i kunstnarleg utviklingsarbeid.

– Eg håpar det kjem mange slike disputasar etter meg, avsluttar Svidal.

Disputasen vert også strøyma frå NMH sine nettsider. Lenke til informasjon om disputasen, inkl. strøymetilgang finn du her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024