Rekordmange bidrag, sterke namn og brei sjangerrepresentasjon – Folkelarmprisen 2025 feirar eit særs rikt år for folkemusikken.

Sivert Holmen og Tuva Syvertsen leidde fjorårets folkelarmprisutdeling då sistnemnte vart årets folkemusikar. Holmen har i samband med Folkelarmprisen 2025 vorte nominert i tre ulike klasser. Foto: Karstein Grønnesby.
Tekst: Pressemelding/redaksjonen
Folkelarmprisen har sidan 2005 vore folkemusikkens eigen prisutdeling, og ein viktig del av Folkelarm-festivalen. Prisen løftar fram dei som har gjort ein særleg innsats for folkemusikk og folkedans gjennom året, og delast ut i fem platekategoriar og tre bransjeklassar.
– I år har vi hatt rekordpåmelding til Folkelarmprisen, noko som både speglar at det har vore eit ekstremt produktivt år, men også at interessa for folkemusikk og folkedans aldri har vore større, seier Ann Helen Erichsen, prosjektleiar for Folkelarm og Folkelarmprisen.
Prisutdelinga går føre seg laurdag 15. november på Riksscenen i Oslo, med folkemusikarane Sigrid Moldestad og Alexander Aga Røynstrand som programleiarar. Frå scena blir det både musikkinnslag og ekte folkemusikkglamour.
I tillegg til plateprisane for soloartist, samspel, dansespel, open klasse og dokumentasjon, blir det delt ut prisar for Årets produksjon, Årets arrangør og Årets visuelle uttrykk. Vinnarane av Årets folkemusikar og Årets bransjeaktør blir offentleggjorde under sjølve utdelinga.
Årets album – solo
Årets album – samspel / gruppe / ensemble
Årets album – dansespel
Årets album – open klasse
Årets dokumentasjon – bok eller album
Årets produksjon – bestillingsverk eller forestilling
Årets arrangør – program eller konsept
Årets visuelle uttrykk – foto, platecover eller grafisk uttrykk
Prisen Årets folkemusikar har tidlegare gått til mellom andre Tuva Livsdatter Syvertsen (2024), Benedicte Maurseth (2023), Per Anders Buen Garnås (2022), Marja Mortensson (2021) og Vegar Vårdal (2020).
Prisen Årets bransjeaktør gjekk i 2024 til Terje Foshaug.
Folkelarmprisen (Norwegian Folk Music Awards) er folkemusikkens og verdsmusikkens eigen platepris, open for originale album i sjangrane folkemusikk og verdsmusikk gjevne ut i Noreg mellom 31. august 2024 og 1. september 2025.
Folkelarm er ei showcasefestival og møteplass for folkemusikk- og folkedansfeltet i Norden, eigd og drive av FolkOrg. Festivalen samlar kvart år artistar, arrangørar og bransjefolk frå heile verda til konsertar, seminar og nettverksbygging – med hovudmål om å marknadsføre og eksportere nordisk folkemusikk.
Sist oppdatert