Osafestivalen er godt igang, og festivalsjefen fortel i vekas fredagsprat om ei rekkje høgdepunkt ho ventar seg i helga, om å våge å halde på den spisse programmeringa, og om då Silje Hegg spelte på ei brøytestikke og bergtok ein idrettshall så ein kunne høyre at eit blad blei trakka på.

Ida Dyrkorn Heierland er klar for Osafestivalen denne helga. Foto: Sverre Hjørnevik
Tekst: Johanne Flottorp
– Begrepet headliner er ikkje noko eg forholder meg til. Alle programpostane er høgdepunkt for meg. I staden for å tenkje headliner-booking, er målet å sette saman eit sterkt program i alle ledd. Det er heilskapen gjennom helga som skal trekkje folk, seier festivalsjef Ida Dyrkorn Heierland.
Denne helga går Osafestivalen igjen av stabelen, med eit innhaldsrikt program som skal nå ut til både vossingar og andre tilreisande.
På programmet i år står både eit tingingsverk og fleire tingingskonsertar. Konserten Hustveit, der Irene Tillung har komponert musikken og har med seg lokale utøvarar, inkludert skodespelarane Helge Jordal frå Bergen og Liv Bernhoft Osa frå Voss, blir utvandrarjubileet markert. I tillegg kjem fleire andre konsertar festivalen har tinga, mellom anna Gro Marie Svidal sin produksjon Førespel, Barokkanarane som møter Lodestar trio, Frode Haltlis nye verk Frukter av arbeid, og Berit Opheims konsert Bulken.
Tiriltunga skal også feirast. I år er det 40 år sidan debutalbumet deira kom ut, og trioen blei stifta på Voss, etter at Gunnlaug Lien Myhr og Heidi Løvlund møttest på Voss folkehøgskule. På denne feiringa skal Poing tolke Tiriltunga saman med gjestene Helga Myhr, Silje Risdal Liahagen og Erik Sollid.
Noko festivalen har gjort til varemerket sitt, er å putte inn solokonsertar på den aller største scena, i Voss idrettshall.
– I idrettshallen er det plass til mange hundre, og det er ikkje så mange andre stader enn på kappleikar at ein har solospel på ei så stor scene. Men eg ser ingen grunn til at desse konsertane skal gøymast bort i ei stove, seier Ida.
Vidare fortel ho at dei leiker seg med formatet på desse konsertkveldane, der nokre konsertar er litt kortare og nokre er lengre.
Nokre programpostar er utanlandske, men stort sett er det norske artistar som kjem til Voss denne helga.
– Det er så mykje som rører seg i Folkemusikk-Noreg nå at me på ingen måte treng å hente store grupper frå utlandet. Misforså meg rett, det er flott med impulsar utanfrå, men akkurat nå står me i ein situasjon der det er så mange gode initiativ og det skjer så mykje spennande i Noreg. Alt frå det heilt tradisjonelle til det meir eksperimentelle, gjerne med dei samme utøvarane som gjer noko heilt trad solo i ein augneblink og som trer inn i ein eksperimentell konstellasjon i den neste. Det gjer miljøet spennande og dynamisk, seier Ida.
Noko av det ho er mest spent på og gler seg mest til denne helga, er å sjå kor mange nye tilhøyrarar festivalen får, særleg blant dei yngre.
– Festivalen har ambisjonar om å nå langt utover Voss, sjølv om me har sterk lokal forankring. Me ønsker å nå ut nasjonalt og etter kvart også internasjonalt. Eg er spent på å sjå om me har kome vidare i det arbeidet, seier festivalsjefen.

Festivalsjef Ida Dyrkorn Heierland. Foto: Sverre Hjørnevik
Namn: Ida Dyrkorn Heierland
Fødd: 1981
Kjem frå: Odalen
Bur på: Voss
Yrke: Festivalsjef
Kvifor jobbar du innanfor folkemusikk- og folkedansfeltet?
For det første er eg oppriktig glad i folkemusikk, både solospel og det meir eksperimentelle. I tillegg er det eit veldig spennande felt, og eg føler eg sit midt i alt som rører seg i miljøet sidan eg har så tett samarbeid med artistar om utvikling av nye prosjekt. Det gjer jobben min ekstra interessant.
Til slutt vil eg også seie at det gir meining å lage ein sosial og inkluderande møteplass for folk. Det trur eg er noko som bare blir meir og meir viktig. Det betyr noko for folk å komme ut, og mange vossingar kjem heim att til festivalen.
Kva var den siste konserten du var på som publikummar?
Den siste konserten eg var på, før festivalen starta, var på kulturskulekonsert der den yngste sonen min spelte cello. Der fekk eg også oppleve mange barn som går i Nøringen og småkvedarane på Voss. Ellen Marie Selland i Voss kulturskule gjer ein formidabel innsats med å formidle folkesong til nye generasjonar. Så dette var ei god konsertoppleving!
Viss du bare kunne høyrd på ei plate resten av livet – kva for ei hadde det vore?
Eg må få nemne to, og dei speglar interessa eg har for folkemusikk. Den eine er Håkon Høgemo som spelar slåttar av Eivind Groven. Det er ei fantastisk kul plate som eg kan høyre lenge på. Og så er det Tiriltunga si første plate. Eg hadde ikkje høyrt på dei før me starta arbeidet med årets konsert. Eg rekner med at mange andre har høyrt mykje på dei, men for meg var det eit nytt møte. Og eg har fått alle dei låtane på hjernen.
Nemn ei av dei største folkemusikkopplevingane du har hatt.
Det var i fjor, då Silje Hegg spelte solo på ei oransje brøytestikke i Voss idrettshall. Det er ein sorg at den konserten er over, for makan til oppleving! Me dekorerer idrettshallen som ein skog, og då er det alltid litt lauv som fell på golvet. Eit menneske som reiste seg opp under konserten trakka på eit vissent lauv, og det høyrde alle så godt. For så stille var det i salen. Det Silje Hegg gjorde der, det var ei oppleving eg kjem til å hugse for resten av livet.
Kva skal til for å få fleire til å bli interessert i folkemusikk og folkedans?
Eg har trua på å stå støtt i ein spissa profil, der ein viser det som rører seg i miljøet. Og at ein lagar opne møteplassar der folk treffer musikken, altså at ein tilgjengeleggjer musikken slik me gjer på Osafestivalen. Oppskrifta mi er at ein ikkje skal kommersialisere, men å tilby til dømes Helga Myhr solo på den største scena vår.
Eg trur det er så enkelt som at viss ein klarer å få folk inn, og ein viser alt det gode, spennande som skjer, så blir folk interesserte. Veldig mange av Osafestivalens publikum kjenner ikkje nødvendigvis til det me har på programmet, men dei kjem fordi dei veit at dei får kvalitet.
Sist oppdatert