Dansestudentane og dei tilsette på Rauland kan gå helga imøte med ei oppløftande nyheit: Forslaga i statsbusjettet for 2026 byggjer på ein feil, og Stortinget er orientert om saka.

Kunnskapsdepartementet er gjort merksame på at folkedansstudiet i Rauland har starta opp. Foto: USN Rauland
Tekst: Johanne Flottorp og Kjellbjørn Karsrud
Tidlegare denne veka skreiv folkemusikk.no om at dansestudiet på Rauland var i fare grunna eit varsla kutt i forslaget til statsbudsjettet for 2026. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. Både FolkOrg, dei tilsette ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN) avdeling Rauland og studentane uttrykte stor uro knytt til dette, og syntest kuttet verka rart då det var basert på ein feil. I forslaget til statsbudsjettet stod det at løyvinga blei trekt fordi studiet ikkje hadde starta opp.
Men på Rauland går det i dag seks bachelorstudentar på folkedansstudiet. Sjølv om studiet ikkje kom igang før eit år etter planlagt oppstart, er det full drift der i dag.
Dette har no Kunnskapsdepartementet blitt informert om. På spørsmål frå Folkemusikk om det kan vere aktuelt å oppretthalde løyvinga når det viser seg at studet er sett igang, svarar statssekretær i Kunnskapsdepartementet Eileen Fugelsnes (Ap) dette:
– Ja. Forslaga i statsbudsjettet for 2026 byggjer på føresetnader som ikkje stemmer. Dette vil vi rette opp. Vi har no orientert Stortinget om feilen, og at vi vil foreslå å vidareføre løyvinga i 2026.
Instituttleiar på Rauland, Andrea Kasbo Rygh, skriv dette i ein kommentar:
– Dette er fantastiske nyheiter for oss, og vi er glade for at departementet har retta opp feilen og ønsker å vidareføre løyvinga til folkedansstudiet på USN Rauland. Vi meiner det er svært viktig at det finst utøvande utdanning innan folkedans i Norge, og dette er gode signal om at vi kan fortsette arbeidet med å bygge opp og utvikle studiet i samarbeid med andre sentrale aktørar på feltet.
Sist oppdatert