Folkemusikk logo
Logo

Norsk og arabisk folkemusikk møtest i Spove

Kvartetten Spove slepper sitt første album og finn musikalske fellestrekk mellom Hallingdal og Syria.

Gruppa Spove

Gruppa Spove, der Silje Risdal Liahagen spelar ei sentral rolle, er ute med ny plate, og spelar konsert på Riksscenen på torsdag. Foto: Simon Matthew Valentine.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen.

Det er langt frå Hallingdal til Syria – nesten 4800 kilometer i luftlinje. Men i musikken ligg dei to tradisjonane overraskande nært kvarandre. Det meiner iallfall musikarane i Spove på sitt første album, som blir markert med slippkonsert under Oslo World på Riksscenen 30. oktober.

– Eg beit meg merke i dei slående likskapane i tonalitet og bruken av kvarttonar mellom hallingdalslåttar og dei arabiske skalaene eg hadde studert i Libanon. Etter kvart introduserte eg Silje for Nawara Alnaddaf, og vi tre byrja å spele saman, seier primus motor Inger Hannisdal, som nyleg kom ut med eit album der ho kombinerer element frå norsk og arabisk folkemusikk. Lenke til et annet nettsted.

Utgangspunktet var norske folkesongar frå Hallingdal, sungne av Silje Risdal Liahagen, som i Spove møter den syriske songaren og multiinstrumentalisten Nawara Alnaddaf. Saman med Hannisdal og bassist Adrian Myhr utforskar dei korleis norske religiøse folketonar, stev og bånsullar kan vevast saman med arabiske folkesongar.

Albumet opnar med den syriske folkesongen Al Ouf, som går over i hallingdalsvisa Nu står jeg på min reise her. Seinare følgjer både gamlestev frå Setesdal og arabiske klassikarar som Mariam Mariamti og Yalla Tnam.

Fleire av dei norske songane har dei lært frå folkesongaren Gunnlaug Lien Myhr, som har vore ei sentral kjelde til hallingdalsmaterialet i prosjektet. Myhr har òg laga melodien til den religiøse folketonen Nu Lukker Seg Mitt Øye, der Spove kombinerer norsk kyrkjetone med arabisk maqam i skalaen sikah.

Spove:

Nawara Alnaddaf – vokal, oud, ney, lyre
Silje Risdal Liahagen – vokal
Inger Hannisdal – fele, oktavfele, hardingfele, daf
Adrian Myhr – kontrabass

Albumet er produsert av Inger Hannisdal og Spove, og designa av Karen Keyrouz.

Spove spelar på Riksscenen 30. oktober under Oslo World. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024