Folkemusikk logo
Logo

Tre tildelingar av Heidi Løvlunds minnepris

Under Bøkappleiken i dag blei Heidi Løvlunds minnepris delt ut til tre unge utøvarar frå Bø og omegn. Prismottakarane i år er Gunhild Vreim, Vilde Westeng og Jon Inge Særsland.

Vinnarane av Heidi Løvlunds minnepris 2025. Foto: Johanne Flottorp

Vinnarane av Heidi Løvlunds minnepris 2025. Frå venstre: Gunhild Vreim, Vilde E. Westeng og Jon Inge Særsland. Foto: Johanne Flottorp

Tekst: Johanne Flottorp

Heidi Løvlunds minnefond blei stifta av familie og venner av Heidi Løvlund (1961-1999) samme år som ho gjekk bort. Ho gjorde eit stort arbeid for musikklivet i Bø og omegn, spesielt med tanke på rekruttering og formidling av folkemusikk. Prisen skal stimulere til kurs og vidare opplæring.

Fondet blir i dag forvalta av Midt-Telemark kulturnettverk, der ein jury på tre personar kvart år vel kven som skal få prisen. Nokre gonger blir han delt ut til ein person, andre gonger til fleire.

Årets prisvinnarar blei overraska på Bøkappleiken i dag. Kjell Stundal i Midt-Telemark kulturnettverk delte ut prisen, og meinte kappleiken var den beste arenaen for å gjere nettopp det.

I grunngjevinga frå juryen kom det fram at alle dei tre prisvinnarane har eit langt engasjement bak seg innan spel og dans, både lokalt- og på fylkesplan, og på nasjonalt plan. Dei er viktige bidragsytarar til å skape positive haldningar til folkemusikken og -dansen med sine sterke faglege interesser og positive sosiale relasjonar på samlingar og kurs for barn og ungdom. Alle tre har delteke på folkemusikk fordjuping, ein laurdagsskule i regi av Midt-Telemark kulturskule og Sørnorsk folkemusikksenter.

Jon Inge Særsland (t.h) høyrer namnet sitt bli lese opp blant prisvinnarane. Foto: Johanne Flottorp

Jon Inge Særsland (t.h) høyrer namnet sitt bli lese opp blant prisvinnarane. Sverre Jacobsen i Midt-Telemark kulturnetteverk applauderer. Foto: Johanne Flottorp

Juryen peika også på at alle har satsa på å vidareutvikle seg fagleg innan tradisjonsmusikken og -dansen og at dei er med på å vidareføre dei tradisjonane til nye generasjonar.

– Alle tre er framifrå gode ambassadørar for folkemusikken og folkedansen i Telemark, konkluderte Kjell Stundal på vegner av juryen.

Vilde Westeng og Gunhild Vreim seier etter utdelinga at dei blei veldig overraska.

– For meg var det litt svært, det er mange gode kandidatar til denne prisen, så eg hadde aldri trudd at det skulle bli meg, seier Gunhild.

Prisvinnarane visste ikkje noko på førehand, og nokon hadde sytt for at dei var inni salen då kappleiken starta klokka 13.

– Eg bestemte meg for ei veke sidan for at eg skulle på Bøkappleiken. Eg skulle eigentleg jobba i Oslo denne helga, men det blei endring i planane. Så dette var ei fin overrasking, seier Vilde.

– Ja, eg såg den ikkje komme, og det trur eg alle skjønte, seier Gunhild og sikter til reaksjonen sin då namnet hennar blei ropt opp.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024