Folkemusikk logo
Logo

Stor oppslutning om barne- og ungdomssamling i Prestfoss

45 unge deltakarar frå Buskerud og Oslo fekk ei helg full av spelglede, dans og nye vener.

Fellesdans under barne- og ungdomssamlinga på Prestfoss. Foto: Åshild Wetterhus

Tekst: Pressemelding/redaksjonen

Det vart både jubel og rekord då årets barne- og ungdomssamling gjekk av stabelen i Prestfoss sist helg. Heile 45 barn og unge fann vegen til Sigdal samfunnshus og Folkemusikksenteret i Buskerud – den høgaste deltakinga sidan 1990-talet. Med lærarar, foreldre og arrangørar samla var rundt 70 personar involverte i helga.

Samlinga har vore eit fast innslag sidan 1980-talet, arrangert av Buskerud folkemusikklag i samarbeid med Folkemusikksenteret i Buskerud. I år markerte dei to samarbeidspartnarane høvesvis 40 og 30 års jubileum – og den gode oppslutninga viser at rekrutteringa til folkemusikken i regionen står sterkt.

– Denne helga er ei av dei viktigaste møtestadene for unge som vil lære, spele og danse folkemusikk, seier Åshild Wetterhus frå arrangørstaben.

Nå har dei fordelt målgruppa mellom seg i Buskerud med ein viss overlapp, slik at dei frå 7-16 år er med på Barne- og ungdomssamlinga, og dei over 13 år deltar på Storhelg i Hallingdal. Opphavleg var samlinga for barn og unge frå 7-18 år.

Slåttetromme, langeleik og hardingfele

Elevane fekk møte erfarne utøvarar og førebilete innan fleire disiplinar.

På kurslista stod slåttetromme med Sebastian Lindland, langeleik med Ragnhild Kolsrud og Gøril Ramo Hove, og hardingfele med Øyvind Brabant, Steinar Strøm og Anne Marit Jota. I tillegg var det kveding med Bjørn Sigurd Glorvigen og dans leia av Malin Røysland Skårberg og Neri Bakkjen, med Erling Halling som dansespelmann.

Alle fekk òg prøve seg på slåttetromme, lur og seljefløyte med Trond Vetterstad – ei populær økt som gav både latter og læring.

Sebastian Lindland på slåttetromme var eit populært innslag. Foto: Åshild Wetterhus

Fellesskap og spelglede

Helga baud på mykje meir enn kurs. Deltakarane fekk boltre seg i svømmehallen, på dansefest og ikkje minst på trylleshow med Vegardo frå Kongsberg. Søndagen vart avrunda med den tradisjonsrike Sjokoladekappleiken, der alle som deltok på scena fekk premie – og gode tilbakemeldingar frå dommarpanelet Even Tråen og Kristin Baalerud.

– Då Even spurde om dei hadde hatt ei fin helg, kom svaret i kor: «Jaaa!», fortel Wetterhus. – Dei hadde fått nye vener, og kanskje vener for livet.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024