Folkemusikk logo
Logo

Ævestaden tek med lyttarane til eit dystopisk univers

Den 7. november slepper folkemusikktrioen Ævestaden sitt nye album "Ni blomster i en åker" – ei reise i grenselandet mellom tradisjon og science fiction.

Ævestaden består av Eir Vatn Strøm,Kenneth Lien og Levina Storåkern. Foto: Lamia Karic.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen

Den svensk-norske trioen Ævestaden er ute med albumet Ni blomster i en åker – ei mørk og poetisk reise som strekkjer seg frå jord til verdsrom. Albumet blir sleppt 7. november på Supertraditional Records.

Trioen fortel at dei denne gongen har teke utgangspunkt i eit dystopisk univers, inspirert av science fiction-klassikaren Aniara.

– Det finst eit slags overordna tema i dette albumet. Noko dystopisk, nesten Aniara-inspirert. Alt går åt helvete — nokre av oss søkjer oss ut i rommet for å finne noko betre, nokre blir att. Det finst eit etterpå. Det kjem grøne blad på trea igjen. Døden er, som alltid i våre album, til stades. Likevel er det noko mørkare over dette albumet enn det førre. Verda er forandra, fortel trioen i ei pressemelding.

Albumet rommar både det nære og det uendelege – ei mor som tek farvel med barnet sitt, eit romskip som har kome ut av kurs, og ei verd som sakte forvitrar. Ævestaden kallar det sjølv ei slags «stille apokalypse», der det likevel finst teikn til liv og fornying.

I arbeidet med Ni blomster i en åker har trioen late seg styre mindre av praktiske omsyn og meir av musikken sjølv.

– Denne gongen har vi ikkje late oss avgrense for mykje av tanken på kva som let seg gjennomføre live … Vi har tillate oss å inkludere endå fleire instrument enn tidlegare — mellom anna tagelharpe og banjo, kan dei informere om.

Albumet har vorte til over tid, heime i Oslo, snarare enn gjennom eit intenst opphald i studio slik dei har gjort før.

– I motsetnad til tidlegare album, der vi reiste bort og spelte inn alt i løpet av ei konsentrert veke, valde vi denne gongen å arbeide heimefrå — i vårt eige tempo. Det var ein svært behageleg prosess, og det merkest nok i lydbiletet òg, seier dei.

Ævestaden fortel at dei no sit på fleire låtskisser enn dei har plass til, og at det gjer det lettare å finne ei retning som heng saman.

– Vi har så utruleg mange låtskisser no for tida — fleire enn vi får plass til — det har òg gjort det lettare å velje det som faktisk passar saman. Det fanst til dømes noko ørkenaktig, kaldt og øyde i ein av dei første låtane … Det gjorde at andre kunne passe inn — og så var stemninga sett, og dominobrikka i gang.

For Ævestaden handlar albumforma framleis om heilskap:

– Det finst eigentleg ingen låt som er viktigare enn ein annan – vi ser albumet som ein heilskap der kvar del trengst, peikar dei på.

Musikalsk held trioen fram med å kombinere tradisjon og nyskaping. Dei flettar saman kantele, kraviklyre og munnharpe med synther og elektronikk, og hentar impulsar frå både pop, ambient og folkemusikk.

– Vi kombinerer eldre instrument som kantele, lyre og munnharpe med elektroniske element og ein produksjon som hentar impulsar frå både pop, ambient og folkemusikk.

Bandet løfter også fram dei musikalske kjeldene som har vore viktige for prosjektet: Stein Villa, Marit Steinsrud, Jon Anders Halvorsen, Knut Kjøk og Anders Jordalen.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024