Øystein Rudi fekk sist helg Vågåfatet for å ha vore ei drivkraft for folkemusikken og gamaldansen. I desse dagar er han og makkar Geir Thorud også ute med ny plate.

Øystein Rudi fekk Vågåfatet under Vågåtreffen sist helg. No er han og Geir Thorud ute med ny plate. Foto: Kari Margot Odnes.
Tekst: Kjellbjørn Karsrud
Øystein Rudi var tilfreds med årets utgåve av Vågåtreffen i regi av Vågå trekkspelklubb Etter mange år i forholdsvis stappfulle omgjevnader på Vågå hotell, hadde arrangørane no bestemt seg for å gå over til to scener i Vågå kulturhus. Idrettshallen var rigga til med sofaavdelingar og stort dansegolv, dansen gjekk også med liv og lyst i den mindre kultursalen.
– Det var triveleg det nye opplegget på Vågåtreffen. Det var ordentleg bra, godt med folk og eit format der det kan vekse på seg att litt.
Heidersutnemninga kom som ei gledeleg overrasking, og Rudi hamna i godt selskap. På lista over tidlegare vinnarar finn vi fleire profilerte namn i Gamaldans-Noreg sidan dei fyrste prisvinnarane Nygaard & Opheim i 1977.
– Eg såg på den lista, og det er klart det er ærerikt å få vera med på dette.
Det er om lag to månadar sidan han fekk beskjeden frå Vågå trekkspelklubb. Rudi fekk då invitasjon til å setta saman ein konsert sjølv, og då plukka han med seg Nye Ringnesin, Kvarts, Geir Thorud og Tina Lie frå Fåvang. Det var bra med folk og god stemning.
– Dei har lagt så fint til rette, og det var bra oppfølging frå primus motor for arrangementet Arne Stasviken og & co.
Vågå trekkspelklubb skal ha Landsfestivalen til sumaren, og Rudi har tenkt å ta turen sjølv om det er i travlaste tida med Peer Gynt då.
I grunngjevinga vart Øystein sitt arbeid som både som spelemann og folkemusikkarrangør heime på Rudi gard trekt fram.
– Det er viktig at vi held fram tradisjonsmusikken overfor folk som ikkje møter han til vanleg, og ikkje berre seier oss tilfredse med å låte for kjernen på Landskappleiken og Landsfestivalen. Ein må opne opp og gjera musikken tilgjengeleg for vanlege folk.
På Rudi gard har dei eit breitt og samansett program i mange sjangrar, men Rudi prøver å smette inn tradisjonsmusikk også når hovudkonserten ikkje har så mykje med folkemusikk å gjera. For eksempel kom det to trekkspeltalent frå Lom og varma opp for Bjørn Eidsvåg og Henning Kvitnes i sumar.
No er han og Geir Thorud ute med ny plate. Dei har spelt mykje saman eit par års tid. I fjor var dei på turne i Hallingdal, og då hadde Hallibakken ein ledig dag i studio. Dei fekk då spelt inn 27 låttar på rappen. «Etter ferdasvegen», som albumet heiter, er ei oppsummering av godlåttar som dei har funne på ymse turar.
– Det er 25 låttar på CD-en, og det er cirka halvt og halvt med svensk og norsk repertoar.
Plata kom som CD for ei god veke sidan og kan kjøpast lokalt i Gudbrandsdalen. Ho ligg også ute på strøymetenester.
– Det er folkemusikkens verd at ein finn låttar langs vegen og byter låttar med folk ein møter.
Duoen Rudi og Thorud begynte å konsertere lokalt i Gudbrandsdalen, men så har det utvida seg. Med ein del universalmusikk på repertoaret, så må ein må ikkje nødvendigvis vera på heimebane.
Dei har dem siste tida hatt fleire konsertar på vestlandet og i Hallingdal, og skal til Røros no på julemarknad i starten av desember. Rudi har då speleoppdrag med Dalakopa, og har med seg Geir Thorud på lasset.
– Det er lettvint når ein er to stykk. Då treng ein ikkje lyd, det er berre å finne eit lokale som høver.
Øystein er elles veldig tilfreds med sesongen på Rudi i år.
– Vi merkar oss at ein del konsept begynner å setta seg litt no. Tradisjonelle medium skriv ikkje så mykje lenger, og sosiale medium er litt ustadig. Dermed er det godt når publikum har ei forventning om at ting skal skje, og går inn og sjekkar program sjølve. Det er veldig triveleg å drive med, og det er godt å høyre når folk seier i fullt alvor at dette er kjekt å koma på.
Fakta:
Namn: Øystein Rudi
Fødd: 1969
Kjem frå: Sør-Fron
Bur på: Rudi gard
Yrke: Spelemann og kulturgardbrukar
Høyr Øystein Rudi i NRK-serien Drivkraft her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Kvifor spelar du?
– Eg har merka at det blir utruleg tomt når det blir lite speling. Det går ikkje an å slutte! Elles ligg tanken om at det er viktig å ta vare på tradisjonen bak der, men det er klart at det er mykje glede i å drive med dette.
Kven har vore dei fremste læremeistrane dine?
– I unge år var det Arne Risdal og Anton Amundgård. Amundgård hadde ein veldig karisma, så vi vart litt ivrige. Dermed fekk vi ein kickstart med han. Far køyrde meg opp til han, og dei fyrste åra sat vi gjerne og nispelte frå fire til ti eit par kveldar i veka, men det skar seg litt då vi vart betre med han.
– Etter det er det vanskleg å peike på nokon spesielt. Magne Bø hjelpte meg utruleg mykje då eg vart musikalsk leiar i Sør-Fron spelemannslag då eg var 15 år gamal. Han skreiv arrangement og hadde tips generelt. Eg var også saman med Sven Nyhus ein del seinare, og han var fin å spørja om ein del ting.
Kva var den siste folkemusikk-konserten du var på som publikummar?
– Det var Espen Wensås og Bjørn Kåre Odde, dei spelte Lilleslåtter 2 heime på Rudi. Det var fin stemning, passe med folk og ein super konsert.
Viss du berre kunne høyrd på ei plate resten av livet – kva for ei hadde det vore?
– Bockfot med Bjørn Ståbi og Pers Hans Olsson. Den er frå 70-talet då dei to var på topp, og det er eit utruleg fint spel. Svensk folkemusikk har utruleg fine melodiar, og eg har vorte kjent med mykje kjekke folk der borte. Den melodiske åren er utruleg til stades der.
Kva var den siste folkemusikklitteraturen du las?
– Ja, eg måtte sjekke nokre greier før konserten i Vågå. Då hadde eg som mange gonger før, nytte av bøkene til Knut Kjøk. Den nye boka til Rolv Brimi har eg også kikka i. Slik er det med desse bøkene, nokre gonger les eg frå perm til perm, andre gonger slår eg opp.
Kva er den største folkemusikkopplevinga du har hatt i år?
– Når musikk, tekst, kostymer og dans smelta saman i «Kejsar’n av Portugalien» på Västanå musik och teater midtsommars.
Kva skal til for å få fleire til å bli interessert i folkemusikk og folkedans?
– Vi må vera flinke til å «bjuda på», gjera musikken tilgjengeleg og presentere det i format som passar i ulike samanhengar. Det finst ingen grunn i verda til at folkemusikk ikkje kan passe på 17. mai eller når vidaregåande har avslutningsfest til dømes. Ein må ikkje bli seg sjølv nok, og berre å spela for sine kjente og kjære som er frelste frå før.
– Eg synest det er interessant å spela i settingar der folkemusikk ikkje er forventa. Det er ei stor greie å spela for ein full idrettshall for eit kunnig publikum på Landskappleiken, men eg finn like stor inspirasjon i å spela konsertar i Olso konserthus der ingen i salen forventar kva som kjem.
Sist oppdatert