Folkedansen er ein del av Noregs levande kulturarv – men for å halde han levande, treng vi kunstnarar som får tid, tryggleik og rammer til å utvikle uttrykket. Skuespiller- og danseralliansen har gjort dette mogleg for meg. Difor er forslaget om å kutte ordninga uforståeleg – og farleg kortsiktig.

Silje Onstad Hålien: – Forslaget om å kutte SKUDA med fire millionar er heilt uforståeleg. Foto: Sigrun Drivdal Johnsen.
Av: Silje Onstad Hålien.
For meg har 2025 vore eit jubel– og jubileumsår: eg har vore Dansens Dager- ambassadør, hatt 103 framsyningar som utøvar og koreograf, utvikla nye forestillingar med Hex Liminal og Villdans, og dansa både i Royal Albert Hall, på NRK-scenen og Operataket. Samtidig markerer året eit anna jubileum – ti år som tilsett i Skuespiller- og danseralliansen (SKUDA).
Ti år der eg har vore gjennom tre fødslar, over tusen framsyningar og ei solid etablering av folkedansen som leveveg. Difor er forslaget om å kutte SKUDA Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. med fire millionar heilt uforståeleg.
Sidan oppstarten i 2012 har SKUDA hatt brei politisk støtte og vist seg å vere eit treffsikkert verkemiddel for det frie scenekunstfeltet. Ordninga gir forutsigbarheit for dei 102 frilansarane som er tilsette, og gjer det mogleg å satse langsiktig på kunstnarleg utvikling – ikkje berre overleve frå prosjekt til prosjekt.
Som den einaste folkedansaren i SKUDA kjenner eg på eit ekstra ansvar. Eg ser kor avgjerande det er at også folkedansen har ein plass i denne infrastrukturen, slik at vi ikkje mistar eit heilt uttrykk frå scenekunstfeltet. For sjølv om folkedansen har vakse dei siste åra og blitt meir synleg, er miljøet framleis lite og sårbart. Vi treng stabile strukturar – ikkje nye kutt.
Folkedansen er ein del av Noregs immaterielle kulturarv. Det er eit levande uttrykk som ikkje berre skal vernast, men brukast. Dansen lever berre når han blir dansa – på scener, i møte med folk, i samtale med samtida.
Silje Onstad Hålien er i år ambassadør for Dansens dager.
Gjennom SKUDA får tradisjonsberarar som meg tid og tryggleik til å halde kunnskapen i live, utvikle ho og dele ho vidare. Ordninga gjer det mogleg å utforske nye uttrykk, vere mentor for unge scenekunstnarar, samarbeide på tvers av sjangrar – og vise at folkedans kan vere både samtidskunst og kulturarv.
SKUDA er meir enn ein arbeidsplass for den enkelte. Det er eit verkemiddel som gir frilansande scenekunstnarar tilknytning til arbeidslivet – noko som elles er eit sjeldan gode i vår sektor. Ordninga gjer det mogleg for profesjonelle utøvarar å halde tradisjonar og kunstnarlege praksisar i rørsle, i møte med publikum og samtid.
Å byggje eit levande scenekunstmiljø der folkedansen har ein naturleg plass, krev langsiktige strukturar – ikkje kortsiktige kutt. Dette fellesskapet må styrkast, ikkje svekkast – slik at fleire kunstnarar får tryggare rammer, fleire folkedansarar blir tilsett i Skuda og Noreg framleis kan ha eit levande folkedansmiljø på profesjonelt nivå.
Dette er ei ytring. Ytringa gjev uttrykk for skribentens haldning. Du kan sende inn kronikkar og debattinnlegg til redaksjon@folkemusikk.no
Sist oppdatert