
Laurdag 15. november kl. 17.00 er det klart for prisutdeling under bransjefestivalen Folkelarm – i år med Sigrid Moldeståd og Alexander Aga Røynstrand som programleiarar!

Alexander Røynstrand og Sigrid Moldestad er årets programleiarar under Folkelarmprisen.
Tekst og foto: Kjellbjørn Karsrud
Under årets Folkelarm blir ni prisar delte ut til utøvarar, prosjekt og fagpersonar som på kvar sin måte har løfta folkemusikken det siste året. Frå instrumenthistoriske djupdykk og samarbeid på tvers av sjangrar, til ny publikumsbygging og sterke visuelle uttrykk. Her får du etter kvart ei oppdatering over vinnarane – med juryane sine eigne grunngjevingar.
Lendmenn held fram som ei av landets leiande gammaldansgrupper.
Jurygrunngjeving:
2,0 er fullt av energi, presisjon og stor spelglede. Lendmenn løfter gammaldanstradisjonen inn i samtida, med leikande samspel og eit uttrykk som gjer at det rykkjer i dansefoten – tradisjon og nytenking går hand i hand.
Takketale:
- Dette var stas. Dansespel står vårt hjarta næraste. Me vil takke Fridtjof Lindeman for lydjobb, og Bjørn Kåre og Solveig i Melovitten som gjer ein fantastisk innsats for dansespel, sa Øyvind Sandum i Lendmenn.
Sandum takka elles alle dansarane på dansegolvet, foreldre, besteforeldre og oldeforeldre for at dei har fostra dei opp i folkemusikken og gamaldansen.
Dette verket, gitt ut på ta:lik, løftar fram hardingfeletradisjonen i Ål gjennom meir enn 200 år.
Jurygrunngjeving:
Boka og den medfølgjande CD-en gir nytt liv til både kjende og tidlegare upubliserte spelemenn og slåttar. Med fagleg tyngde og lokalt engasjement har Herfoss skapt eit verk av stor verdi for norsk folkemusikkhistorie, som både bevarar og formidlar ein rik musikalsk arv.
Takketale:
– Det var voldsomt! Eg må få takke juryen og plateselskapet Ta:lik, Eva Karlsson for det grafiske. Arkivopptak står mitt hjarte veldig nære, eg har fått mykje hjelp der frå ulike arkiv, sa Herfoss.
Herfoss takka elles Tor Magne Hallibakken som har stått for lydfinishen og ikkje minste gamle spelemenn i Ål.
Qvam/Plassen, med meir enn ti års samspel bak seg, vinn prisen for eit album som tek lyttaren inn i Nord-Østerdalens musikalske landskap.
Jurygrunngjeving:
Duoen har utvikla eit særprega og kraftfullt lydbilete – både nært og uttrykksfullt. Med personlege stemmer og eit sterkt samspel skaper dei ei reise gjennom liv, landskap og tradisjonar, og gir nytt liv til musikken frå heimtraktene.
Takketale:
– Dette var stas! Eg og Bendik gjekk saman på vidaregåande, og du er den eg har spelt saman med lengst. Det har resulterte i dette albumet, sa Synnøve B. Plassen.
Ho takka elles plateselskap og produsentar.
På få år har Gorrlaus blitt ei av dei mest markante nye satsingane i folkemusikk-Noreg.
Jurygrunngjeving:
Å byggje ei folkemusikkscene der lite har eksistert frå før, krev mot og uthald. Gorrlaus har klart å etablere seg som eit samlingspunkt for folkemusikk i Stavanger-regionen, med fulle hus og eit variert program – frå solokonsertar til utforskande format og dansespel. Serien samarbeider breitt i byen og har skapt nytt publikum og inspirert nye utøvarar.
Takketale:
Søskenbarnet til Anders Hana tok i mot prisen
– Anders måtte prioirete familien, men har sendt over ein takk. «Det er veldig stas at det blir lagt merke til utanfor bygrensene. Tusen takk for alle dei som prioriterer solo hardingfele ein laurdagskveld», fortalde han.
Anders Hana takka alle som har vore med og bygd opp miljøet rundt Gorrlaus.
Jurygrunngjeving:
Portrettet av Håkon Høgemo blir omtalt som vakkert og grafisk spennande, med eit lys som løftar fram personlegdomen. I si enkelheit fortel biletet ei historie om både styrke og nysgjerrigheit, og gir eit varmt og personleg møte med musikaren.

Årets visuelle uttrykk er eit foto av Håkon Høgemo. Foto: Agnete Brun.
Dette samarbeidsprosjektet mellom Barokksolistene og dansekompaniet Mamelukk, produsert av Riksscenen og Musikk i Innlandet, får prisen for årets produksjon.
Jurygrunngjeving:
Produksjonen er ei feiring av rytme, samspel og forteljarglede, der barokkens klangverd og folkemusikkens livskraft møtest. Med energi, musikalitet og humor skaper utøvarane eit univers der historiske instrument, dans og rørsle møter både bygdefest og taverna. Framsyninga løftar gamle uttrykk inn i vår tid med nysgjerrigheit og spelglede.
Takketale:
– Det her må vera rekord, sa Silje Onstad Hålien.
Ho fortalde at Bjarte i Barokksolistene hadde aldri opplevd å få pris medan han sat i salen. Ho nytta høvet til å takke alle bidragsytarar.
– Eg vil takke Silje. Ho er ei fantastisk drivkrfaft i å fornye folkedans, sa Bjarte.
Lydteknikar og produsent Tor Magne Hallibakken er ein institusjon i norsk folkemusikk. Gjennom fleire tiår har han vore ein nøkkelperson for innspelingar i sjangeren.
Jurygrunngjeving:
Hallibakken har gitt tallause musikarar moglegheit til å dokumentere og formidle musikken sin profesjonelt og med stor respekt for tradisjonen. Han har utvikla eit særeige lydbilete prega av kvalitet og presisjon og har bygd opp eit studio som er eit naturleg førsteval for mange av landets fremste folkemusikarar. Juryen peikar på hans lyttande arbeidsmetode og genuine interesse for folkemusikken, og karakteriserer han som ein avgjerande aktør i profesjonaliseringa av bransjen.
Takketale:
– Det følest som eit lagspel. Eg tenkjer me skal halde fram med å spela kvarandre gode. I motsetnad til ein del andre lag er me i VM heile tida! sa Hallibakken.
Valkyrien Allstars leverer sitt sjuande album – og vinn prisen for open klasse.
Jurygrunngjeving:
Albumet blir beskrive som ekte, genialt og ekstremt fengjande. Det er ei kraftfull påminning om kor grenselaus og levande folkemusikk kan vere. Bandet byggjer vidare på tradisjonen, men flyttar uttrykket framover med djupne, leikenheit og stort kunstnarleg overskot.
Takketale:
Asgaut Bakken tok imot prisen på vegner av Valkyrien Allstars.
– Eg er den som har vore på flest konsertar med dei. Tuva, Erik og Magnus er og spelar i fengsel. Dei ville heilt sikkert ha sagt tusen takk til dykk alle saman! sa Bakken.
Fossum stikk av med sin andre pris for kvelden for debutalbumet i eige namn.
Jurygrunngjeving:
Albumet syner eit rikt uttrykk med breidde i tonalitet og klang og løftar fram det enkle og innhaldsrike i tradisjonsmusikken. Fossum kombinerer kunstnarisk kvalitet med eit omfattande dokumentasjonsarbeid, der ho trekkjer fram kjelder, spelestilar og særpreg ved ulike instrument.
Takketale:
– Fint å høyre litt skeive langeleikar på høgtalaren her! Dette har vore eit draumeprosjekt for meg heilt sidan eg fekk låne ein langeleik av Elisabeth Kværne som det stod 1730 på, fortalde Fossum.
Då langeleikjubileet kom i fjor sette ho i gang prosjektet med å oppspore og finne fram gamle langeleikar for å få gjeve ut plata si. Ho nytta høvet til å takke plateselskapet Ta:lik, Oddrun Hegge, produsent Vegar Vårdal og lydmann Tor Magne Hallibakken.
Årets folkemusikar er ein utøvar som har markert seg sterkt både på scena, i studio og som tradisjonsberar. Ingrid Lingaas Fossum har gjort langeleiken til eit instrument i fornying og i kontinuitet, og juryen framhevar særleg innsatsen hennar i samband med langeleikens 500-årsjubileum.
Kristian Hanto, leiar i FolkOrg, delte ut prisen og nytta høvet til å lese opp tidlegare vinnarar for å vise kor godt selskap årets vinnar er i. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Jurygrunngjeving:
Fossum har vore aktiv på mange frontar og delteke i fleire prosjekt som viser breidde og kunstnarisk nysgjerrigheit. Ho spelar med varme, uttrykk, lyttande samspel og høg kvalitet. Gjennom omfattande arbeid med historiske langeleikar har ho skapt konsertar, innspelingar og formidling som set instrumentet i nytt lys. Juryen løftar fram kombinasjonen av høgt kunstnarisk nivå og brennande engasjement for tradisjonen – og konstaterer at ho har gjort langeleiken relevant for både notida og framtida.
Takketale:
– No sat eg bak scena og var veldig nervøs for å spela for alle desse flinke utøvarane. Eg er veldig glad for at eg i fjor fekk vera med på å laga ei feiring som skulle få fram alle som spelar langeleik. Eg har mange å sjå opp til og gode medmusikarar som eg kan lære mykje av. Eg synest det er artig å jobbe med trad.-stoff og samtidig ta med langeleiken inn i nye område. Langeleiken passar med alt eg har prøvd til no! sa Fossum.
Ho takka mor si som har støtta henne. Ho fortalde at ho for nokon år sidan var student i bioteknoligi, for det var ingen som hadde tenkt at det var mogleg å bli yrkesutøvar på langeleik. Etter eit år i Tanzania fann ho attende til langeleiken.
– Tusen takk til alle som heiar på meg, og som eg får inspirasjon av. De veit kven de er!

Ingrid Lingaas Fossum er årets folkemusikar 2025.
Sist oppdatert
