Folkemusikk logo
Logo

«Sørleg jul» – ny julekonsert med folkemusikk frå sør

Sørnorsk folkemusikksenter lanserer i år ein ny julekonsert der tradisjonsmusikk frå Agder og Telemark står i sentrum. «Sørleg jul» samlar folkesongar Anne Gravir Klykken, hardingfelespelar Johanne Flottorp og pianist Lars Jakob Rudjord i eit samarbeid som tek utgangspunkt i julesongar, folketonar og regionale tradisjonar.

Trioen Klykken, Rudjord og Flottorp skal ut på ein julekonsertturné med eit repertoar som skil seg frå mange andre julekonsertar. Foto: Knut Utler

Tekst: Pressemelding/redaksjonen

Kristoffer Mosfjeld ved Sørnorsk folkemusikksenter meiner konserten fyller eit behov i desemberprogrammet:

– Ein kan jo spørje seg om me verkeleg treng fleire julekonsertar, men me ønskjer å tilby noko som har djupe røter i folkemusikken i Agder og Telemark, seier han.

Han løftar fram at trioen vil gi publikum ei oppleving forankra i tradisjon og nærleik:

– Dei syr saman ein flott og stemningsfull konsert med tradisjonelle viser og folketonar knytte til jula. Det blir ein sjelfull og uhøgtideleg julekonsert som inviterer lyttaren tett på.

Repertoaret er sett saman av tradisjonelle slåttar, viser, salmar og stev, kombinert med nyare materiale og eigne arrangement. Musikken knyter an til vinter, solsnu og juletradisjonar frå Sør-Noreg – eit område med ei rik kulturarv av både jolesongar og folketonar.

Anne Gravir Klykken kjem frå Solum ved Skien og har utdanning frå HiO, UiA og USN. Ho har medverka i ei rekkje prosjekt og innspelingar og er ein erfaren formidlar av Telemarkstradisjon.

Johanne Flottorp, hardingfelespelar og pedagog, arbeider breitt med materialet frå Agder og Telemark. Ho kombinerer tradisjon med sjangrar som americana og jazz, og fekk Folkelarmprisen i kategorien «Solo» for debutalbumet sitt.

Lars Jakob Rudjord, pianist og komponist frå Farsund, arbeider innan klassisk-inspirert instrumentalmusikk med sterke folkemusikalske og nordiske undertonar. Han har gitt ut tre kritikarroste album og har fleire større bestillingsverk bak seg.

PS! Johanne Flottorp er journalist i magasinet Folkemusikk, men er ikkje involvert i redaksjonelle avgjersler knytt til prosjektar hennar som musikar.

Turné

«Sørleg jul» – turnédatoar 2025

28.11 – Farsund
Kulturhuset Backes – kl. 20:00

29.11 – Søndeled
Øren – kl. 19:00

30.11 – Eidsborg
Vest-Telemark museum – kl. 16:00

07.12 – Gvarv
Nye Sjodar folkemusikkscene – kl. 17:00

11.12 – Rjukan
Rjukanhuset – kl. 19:00

12.12 – Gransherad
Gransherad kyrkje – kl. 18:00

13.12 – Flatdal
Nutheim gjesgiveri – kl. 20:00

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024