
Magnhild Garnås Haugen har utmerka seg som ein av dei mest lovande folkemusikarane i landet dei siste åra. I haust har ho gått i bresjen for to storfelte minnekonsertar for bestemora – kvedarlegenda Agnes Buen Garnås.

Magnhild Garnås Haugen går denne månaden i bresjen for to store konsertar til minne om bestemora Agnes Buen Garnås. Foto: Thor Hauknes.
Fredagspraten er ei spalte på folkemusikk.no som kjem ut regelmessing med intervju med forskjellige folkemusikarar og folkedansarar som er aktuelle med noko. Der fortel dei også litt om motivasjonane sine for å drive med folkemusikk og folkesans. Du kan lese tidlegare fredagspratar her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Tekst: Kjellbjørn Karsrud
Under Bøkappleiken i starten av månaden var det fullsett sal i kulturhuset i Bø då minnekonsert nummer 1 gjekk av stabelen. Meir om dette kan lesarane av papirutgåva av Folkemusikk lesa i neste nummer. Minnekonsert nummer to har kome i stand etter initiativ frå Riksscenen med til dels heilt andre utøvarar enn i den første.
– Det kjem både folkemusikarar, jazzutøvarar og elevar som har vorte påverka av «gommo» oppgjennom, fortel Magnhild Garnås Haugen.
I tillegg kjem Ingvill Marit og Per Anders Buen Garnås, som då er høvesvis mor og onkelen til Magnhild Garnås Haugen og dotter og son av Agnes.
– Det blir både bandinnslag i tillegg til solo tradisjonsmusikk, seier Garnås Haugen.
Det blir særleg lagt vekt på albumet Rosensfole, og det vil bli spelt av opptak frå denne plata blant anna.
– Det ho og Jan Garbarek gjorde den gongen var veldig nytt. No går folkemusikarar og jazzmusikarar og held hender heile tida, men den gongen var det banebrytande.
«Arven etter Agnes» er tittelen på konserten. Også fleire utøvarar og samarbeidspartnarar innanfor meir tradisjonell folkemusikk kjem.
– Ho og Kirsten Bråten Berg hadde mykje kontakt og hjelpte kvarandre fram. Kim Rysstad, Berit Opheim og Arve Moen Bergset gjekk i lære hjå henne. I tillegg kjem Marit Karlberg, som gommo sette veldig høgt. Det er fint å vise mangfaldet og korleis folk kan ta inspirasjon som både elev og utøvar.
I bakgrunnen skal det vera eit band med mange jazzmusikarar. Det er Audun Rørmark som har samla dei og stått i bresjen for arrangering. Agnes spelte ein del saman med far hans Jon i Bø på 1980-talet.
– Me har prøvd å samle ein gjeng som viser ulike sider av Agnes. Det er alltids fleire som skulle ha vore med, men ein må setja ein strek, legg ho til.
Minnekonserten er i ein del av ei større kvedarhelg på Riksscenen med fleire konsertprogram og aktivitetar i regi av Norsk kvedarforum Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.. På laurdagen blir det ei stor kvedarførestilling. Der har dei samla eit stjernelag av kvedarar med vekt på vokalgrupper, i tillegg til nokre soloutøvarar og «unge lovande». Garnås Haugen skal sjølv vera med i dette kvedarkoret Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
– Det er mykje ein skal lære seg og bruke på ei helg, men eg trur det skal gå greitt.
Fakta:
Namn: Magnhild Garnås Haugen
Fødd: 2004
Kjem frå: Hjartdal
Bur: Oslo
Yrke: Student og frilans
Kvifor syng du?
– Eg har vakse opp med det, og det har alltid vore veldig naturleg. Eg har halde fram med det fordi det er ein fin måte å uttrykke seg på, og du kan alltid bli betre. Elles synest eg det er moro å få folk til å skjøne kva historia i ein ballade handlar om. Det er luksus å jobbe noko som gjev meg noko reint kreativt.
– Det er også viktig å ta vare på ein arv. Det er ikkje slik at eg føler eit press, men om tradisjonen skal leve vidare etter at mamma er borte, så må nokon ta over om det også skal vera noko att av han om 100 år.
Kven har vore dei fremste læremeistrane dine?
– Eg har stort sett berre lært av mamma. Eg var litt på kurs då eg var lita, men det vart lite av det for eg lærte mykje heime, og det var mykje arbeid på garden. Etter at eg begynte på NMH har eg hatt mange forskjellige lærarar, mellom anna Unni Løvlid.
– Men eg har alltid mamma som eg kan ringe, om det er noko eg lurer på. Der har også Per Anders, Knut (grandonkel) og gommo då ho levde, vore gode å ha og støtte seg til. Dei har vigd eit heilt liv til å setta seg inn i tradisjonsstoffet og er nokre leksikon. Det er nokre skikkelege ressursar!
Kva var den siste folkemusikk-konserten du var på som publikummar?
– Eg var på Folkelarm sist helg og høyrde på Suigard Lenke til et annet nettsted. med Sunniva Langås-Røiland og Vegard Hosarøygard på hardingfele og gitar. Det er tøft og nytt! Eg studerer i lag med dei på NMH.
Har du eit godt platetips til lesarane av sida?
– Det er vanskeleg å velja mellom så mange! Eg synest den Nordafjølls-plata gommo og Knut laga nokså tidleg er veldig fin med eit variert repertoar. Ho syng og han spelar – båe solo.
Kva var den siste folkemusikklitteraturen du las?
– Eg har sett mykje i folkevisenedteikningane til Sophus Bugge Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.. Der er det merknadar med kommentarar til ord som han ikkje har skjønt blant anna. Eg har også lese ei om «Folkeviser i arbeidslivet» der det handlar om musikk i kontekst, og eg har skrive fordjupingsoppgåve om dette.
– Ivar T. Dahl har skrive fleire bøker om folkeliv i Hjartdalsbygdene, der er det veldig mykje interessant om bygdeliv, men også om vokalmusikk og felemusikk. Bygdebøker er kjempetøft og nokre skikkeleg gullgruver!
Kva er den største folkemusikkopplevinga du har hatt i år?
– Det har vore nokon blodklubbar som har vore råe! Mellom anna den med kvedarar. At ein einsleg songar kan stå der og tralle og få det å koke på dansegolvet er enormt. Elles høyrde eg Hekate og Reolô spelte på Parkteateret, det var utruleg kult!
Kva skal til for å få fleire til å bli interessert i folkemusikk og folkedans?
– Eg veit ikkje om det skal så mykje til. Dei må bli eksponert for det på ein ikkje-kjip måte. Av og til blir det litt slik at ein skal vera «bunadsklovn», og då blir det litt «Askeladden og trallalalala». Om musikken blir presentert på ein meir ikkje-karikert måte, så kan folk oppleve annleis og bli litt frelst.
– Me må halde fram med det me som er interesserte. Så må me la folk koma, sjå og lære, og me må hugse på å inkludere dei. Det er så mange tilbod på plass alt, at det er berre å få folk til å tore å oppsøke det.
Sist oppdatert
