Folkemusikk logo
Logo

Ny plate frå Naustedalen Spelemannslag: Slåttar frå Sunnfjord II

Naustedalen Spelemannslag er ute med det nye albumet Slåttar frå Sunnfjord II, ei omfattande utgiving med heile 26 gammaldansslåttar. Laget, som har vore ein sentral formidlar av lokal slåttetradisjon sidan starten i 1954, løftar her fram eit breitt repertoar – der mange av slåttane ikkje tidlegare har vore å høyre på plate.

Om lag 50 år sidan førre gong er Naustedalen Spelemannslag no ute med ny plate.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen

Materialet blir framført i fire ulike konstellasjonar innanfor laget: heile spelemannslaget, tradlaget, toradargruppa og gruppa Fossegrimen, sistnemnde sett saman av medlemmar busette i USA. Musikalsk leiar for spelemannslaget er Einar Eimhjellen, medan toradargruppa blir leia av Kjell Bjarte Vonen.

Halvt hundreår mellom to album

Albumet er utgjeve av plateselskapet Aksent. Ei historisk linje knyter den nye plata til laget si første albumutgjeving: Slåttar frå Sunnfjord frå 1975 kom òg på Aksent, den gong på initiativ frå trekkspelaren Kåre Korneliussen. Dei to utgivingane kjem dermed ut med eit nøyaktig 50 års mellomrom.

Spelemannslaget under plateinnspeling for Aksent i Roger Arnhoff Studio i Oslo i 1975. Foto: utlånt av Einar Eimhjellen.

– Den nye utgjevinga er ei historisk milepåle både for Naustedalen Spelemannslag og for Aksent. Eg er stolt over å kunne formidle ei plateutgjeving med eit lag som har så lange tradisjonar og ei så sterk forankring i lokal tradisjonsmusikk, seier Håvard Svendsrud i plateselskapet Aksent.

Innspelt i Fosshalli

Opptaka til plata er gjorde av Tom Karlsrud og vart spelte inn i Fosshalli i Naustedal tidlegare i haust. Slåttar frå Sunnfjord II er tilgjengeleg både fysisk og digitalt, og finst på alle dei vanlege straumetenestene.

Utgjevinga vart markert på Fosshalli laurdag 22. november med eit kombinert plateslepp og jubileumsfest, der publikum fekk både konsert og dansefest.

Håvard Svendsrud frå plateselskapet Aksent saman med medlemmar frå Naustedalen spelemannslag under platesleppet i helga. Foto: Ragnhild Bjørkedal Gjelsvik.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024