Med albumet Folkcore skriv far og son Carl Petter og Johannes Opsahl sitt eige kapittel i norsk musikkhistorie.

Carl Petter og Johannes Opsahl kom ut med ei plate i starten av månaden som allereie har slått an i mange land. Foto Thor Hauknes
Tekst: Pressemelding/redaksjonen.
Plata, som allereie er ute, har fått internasjonal merksemd og er radiolista i over 15 land – og har passert 200 000 avspelingar på Spotify åleine. Her møtest to generasjonar i eit felles prosjekt som begeistrar.
I over 40 år har Carl Petter Opsahl vore ein markant skikkelse i norsk musikkliv, særleg innan jazz og folkemusikk. Han er kjent for å blande sjangrane på originale og sjangerutvidande måtar. No har musikarsonen Johannes blitt med på laget, og saman har dei skapt det dei sjølve omtalar som ein heilt ny sjanger: folkcore. Her fusjonerer dei norsk folkemusikk og EDM til eit moderne uttrykk – eit musikalsk landskap det sjeldan blir trakka opp i.
– Eg føler at fusion-folkemusikk, eller samtidsfolkemusikk, ofte er prega av Americana, rock eller andre meir delikate lydbilete, men vi vil ikkje la oss styre av konvensjonar. Her byr vi på ei meir nedstrippa produksjon pakka inn i ein slags garageband-sound. Og det er utruleg kult å samarbeide med sonen min om dette! seier Carl Petter Opsahl.
For Johannes Opsahl handlar «folkcore» om meir enn berre musikken. Han peikar på at ordet «core» har fått ei ny tyding for hans generasjon – eit uttrykk for å vere mest mogleg seg sjølv.
– For pappa sin generasjon var «core» synonymt med hardcore. For oss handlar det om identitet og uttrykk. Nokon trur kanskje vi blandar folkemusikk og hardcore, men for oss handlar «folkcore» om å tøye folkemusikken heilt ut i ytterpunkta, innanfor det vi sjølve tolkar som folkemusikk. Vi lagar musikken i vårt eige bilete – og berre pappa og eg set grensene.
Det som ikkje var planlagt som eit album, voks seg etter kvart til eit større prosjekt.
– Som den musikalske familien vi er, enda vi opp i eit øvingsrom. Der oppstod magien, og folkcore-prosjektet blei fødd, fortel Johannes.
– Det var viktig for meg at Johannes fekk fullt spelerom. Målet var heile tida at to generasjonar skulle møtast i sine eigne tolkningar av folkemusikken, utan ytre rammer, legg Carl Petter til.
Begge musikantane bringer inn sine referansar, som blir smelta saman til eit friskt og nytt uttrykk.
– På albumet står norsk folkemusikk i sentrum. Pappa bringer inn tradisjon og impulsar frå jazz, funk og New Orleans, medan eg tilfører EDM, synther, trommer og produksjon, seier Johannes.
– For meg handlar dette om å vere tru mot tradisjonen, samstundes som vi utfordrar henne. Folkcore er like mykje ein samtale mellom generasjonar som eit musikalsk eksperiment – røter og opprør side om side, avsluttar Carl Petter Opsahl.
Folkcore kom ut fredag 7. november og er tilgjengeleg på alle strøymetenester.
Sist oppdatert