Folkemusikkarkiva ventar framleis på svar om arkivsystem.

Fleire av folkemusikkarkiva deltok saman med Norsk senter for folkemusikk og folkedans på møte med Nasjonalbiblioteket på måndag. Nasjonalbiblioteket har moglegheit til å utvikle eit arkivsystem, det er midlane det står på, var konklusjonen frå møtet. Foto: SFF.
Tekst: Kjellbjørn Karsrud
Då Knut Aastad Bråten i førre nummer av Folkemusikk åtvara mot at «arven kan forsvinne – for all tid» Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu., var det ikkje første gong folkemusikkmiljøet slo alarm. FIOL, det felles digitale kartoteket som i fleire tiår har halde orden på hundretusenvis av opptak av folkemusikk og folkedans, er teknologisk utdaterte og står i fare for å bryte saman. Men trass i brei mobilisering i kulturfeltet, ventar arkiva framleis på klarsignal frå Kultur- og likestillingsdepartementet.
FIOL vart utvikla på 1980-talet og har sidan vore hovudverktøyet for registrering av norske folkemusikkopptak – frå balladar og kulokkar til film av dansetradisjonar. Lagringsløysingane er i ferd med å kollapse, og utan eit fungerande system står landet i fare for å miste metadata om hundretusenvis av opptak. Lydfiler utan informasjon er lite verdt som kjelder.
Problemet er ikkje nytt. To offentlege rapportar (2013 og 2014) peikte på at folkemusikkarkiva vart oversett i kulturpolitikken. I tiår har arkivmiljø, musea og organisasjonane sendt bekymringsmeldingar.
I ytringa i førre nummer skreiv Bråten på vegner av Museumsforum Innlandet, Innlandsarkiva, Norges museumsforbund, Arkivforbundet, Norsk senter for folkemusikk og folkedans og FolkOrg. Sidan har endå fleire slutta seg til: Sametinget, Nettverket for folkemusikkarkiv i Noreg og ei breitt samansett ressursgruppe som arbeider for ei ny løysing.
Bodskapen er eintydig: FIOL må erstattast, og Nasjonalbibliotekets system Axiel Collections er den mest realistiske vegen vidare – dersom programmet blir vidareutvikla for folkemusikkfeltet.
Folkemusikk har bede Kulturdepartementet presisere om dei vil prioritere ei løysing i neste stortingsperiode. Statssekretær Trude Storheim svara at departementet kjenner til problemstillinga.
– Vi er opptekne av å sjå denne saka i eit heilskapleg perspektiv, for å sikre at ressursane blir nytta på ein føremålstenleg måte og til det beste for kulturarvsfeltet som heilskap, seier ho i ein kommentar.
Ho viser òg til at tematikken er omtala i NOU for musikkfeltet (NOU 2025:7), som har vore ute på høyring no blir følgt opp av departementet.
For Aastad Bråten er dette ikkje nok:
– Det er fint at departementet er kjend med saka, men no må vi kome vidare. Seinast 20. november vart det sendt eit nytt spørsmål frå dei nemnde aktørane om eit snarleg møte med statsråden og departementet. Målet er ei avklaring på vegen vidare.
Direktør ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans, Tanja Holmen, er tydeleg på at situasjonen er kritisk. Ho meiner det framleis er uklart for departementet kva folkemusikkarkiva eigentleg treng – og kven som har ansvaret.
Senteret og samarbeidspartnarane sende 28. august ein felles førespurnad om å få eit nytt møte med departementet. Etter fleire purringar i haust har dei framleis ikkje fått svar.
– Ansvar og retning er uklare. Feltet veit ikkje kven i forvaltninga vi skal forhalde oss til. Vi treng ei avklaring mellom departementet, Nasjonalbiblioteket og eventuelt Arkivverket for å avklare roller, ansvar og vidare prosess, seier Holmen.
Noreg har gjennom UNESCO-konvensjonen forplikta seg til å sikre, dokumentere og gjere tilgjengeleg den immaterielle kulturarven. Det krev ikkje berre digitalisering, men moderne, stabile system for registrering og langtidslagring.
– Eit sviktande FIOL betyr at Noreg ikkje oppfyller desse forpliktingane, seier Holmen.
Folkemusikkmiljøet ventar no på signal i arbeidet med statsbudsjettet for 2026. SV har løyvd 5 millionar til prosjektet i sitt alternative statsbudsjett. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. Stortingsrepresentant Erling Sande (Sp) seier seg einig i at noko må gjerast:
– Situasjonen rundt FIOL peikar på eit behov for betre og meir framtidsretta løysingar for folkemusikkarkiva. Dette er viktig for å sikre både tilgjenge og bevaring av ein sentral del av kulturarven vår. Senterpartiet meiner at ei modernisering bør vurderast nøye i samarbeid med fagmiljøa, og me ønskjer å bidra til at dette blir følgt opp i denne perioden.
Eit utviklingsmandat og løyvingar til Nasjonalbiblioteket vil vere avgjerande for å hindre at unik kulturarv går tapt er det eintydige signalet. Inntil vidare heng tusenvis av lyd og filmopptak i ein digital tråd – og eit samla fagfelt spør det same: Kor lenge kan vi vente?
Saka vart oppdatert 2.12. med kommentar frå Erling Sande.
Sist oppdatert