
Fredag 28. november lanserer el-felepioneren Hege Rimestad det nye albumet Kråkeslåtter – eit friskt og leikent møte mellom slåtterock, felepoesi og verdsmusikalske impulsar. Platesleppet skjer hjå Norsk billedhoggerforening på Carl Berners plass i Oslo.

Hege Rimestad har i samarbeid med Melovitten plateslepp i kveld. Foto: Elisabeth K. Nilsson
Tekst: Pressemelding/redaksjonen
Rimestad (71) har vore ein nyskapande kraft i norsk musikkliv sidan 1970-talet. Ho er kjent som pioner på elektrisk fele, og har sett djupe spor i alt frå folk- og visemusikken til pop og teater. Merittlista er lang: Veslefrikk på slutten av 70-talet, samarbeidet med Geirr Lystrup som gav Spellemannprisen for Fly som en stein (2003), og hennar eigne album Hvite pil (1997) og The Seed Keeper (2011). Mange hugsar henne òg som rødnissejenta i NRKs Jul i Blåfjell.
På Kråkeslåtter står den sterke melodien i sentrum, driven fram av eit stjernelag av musikarar handplukka for å gi kvart spor sitt eige preg.
Rimestads mangeårige interesse for indisk musikk er tydeleg til stades, og møter norske tonar som ligg berre eit bogehår frå tradisjonen. Samstundes dukkar det opp små musikalske helsingar til fortida – som ei nytolking av «Heges låt» frå Veslefrikk-tida, her løfta fram som drivande slåtterock med bass, santur, trommer og suggererande el-gitar.
Platesleppet finn stad fredag 28. november kl. 17 hos Norsk billedhoggerforening, Hekkveien 5 på Carl Berner. Der presenterer Rimestad og Helge Norbakken smakebitar frå albumet – og Rimestad tek sjølvsagt også ei slått eller to solo.
Sist oppdatert
