Folkemusikk logo
Logo

Auka interesse for NRK Folkemusikk

Målingar viser at det er nesten 20% fleire lyttarar til den 20 år gamle kanalen.

John Ole Morken og NRK Folkemusikk er nær å nå lyttartalsmåla sine for 2025. Foto: Lajla Storli.

Tekst: Kjellbjørn Karsrud

– Me gjorde nokre grep for nokon år sidan, fortel programleiar og produsent for Folkemusikktimen, John Ole Morken.

Kanalen har nokre faste postar. Folkemusikktimen blir spelt måndag, onsdag og fredag. I «Landet rundt» får ein høyre gamal og ny musikk i alle sjangrar og frå ulike plassar. Dei har også ei flate som heiter «Nye utgjevingar», og ei totimars sending med gamaldans kvar fredag og laurdag, der finn ein mange av dei gamle LP-utgjevingane som ikkje er tilgjengelege digitalt elles, men også nye innspelingar.

– Me har også køyrt nokre temadagar, for eksempel Draumkved-dagen som me har køyrt i to år – med 12-13 versjonar av Draumkvedet. Me har også feira minoritetane med skogfinsk dag, romani, kvensk og samisk dag, fortel Morken.

Kanalen vart oppretta så tidleg som i 2004, noko ein kan lese meir om i jubileumsboka til FolkOrg. På DAB deler han sendeflate med NRK Super. Det er derfor fleire som begynner å bruke kanalen i digital samanheng der ein kan høyre på døgnet rundt.

– Korleis måler de lyttartal i NRK?

– Det er digitale verktøy der ein måler bruk både på nett, app og DAB. Me har ein jamn lyttarskare. Det er ein ikkje så stor, men eksklusiv gjeng, Me er tilfreds med nesten 20% auke i år. Eg trur det er mange som gløymer at denne kanalen finst, derfor er det fint å kome med ei påminning i blant.

– Kva tenkjer du er hovudårsaka til veksten?

– Eg trur det er ein del av denne folkemusikkbølga. I forhold til mange andre kanalar så har me mange yngre lyttarar, og det har vorte bemerka i systemet her i NRK. Det er nok fleire som har fått opp augo for at det er ein kanal som sender dette. Ein får også høyre mykje forskjellig i løpet av ein dag. Eg veit ein del som høyrer på i nettlesar eller app, som går eit par timar tilbake og hoppar framover til det dei vil høyre.

– Korleis er lyttartala til Folkemusikktimen?

– I fjor hadde me ei klar auking. Det er litt tilfeldig kva som slår an. Det har gjerne ein effekt når folk er flinke til å dele program i sosiale medium i etterkant. Spesielt effektfullt er det når gjestane sjølve deler det. Me har også mange engasjerte lyttarar som deler programmet uansett. Eg vil gjerne oppmode folk til å dele programmet når dei høyrer noko dei likar, då spreier det seg og når også folk som ikkje er så interesserte i utgangspunktet.

– Ser du nokre klare trendar i kva lyttarane vil ha?

– Dei gode historiene slår veldig godt an og god musikk sjølvsagt. Vidar Lande om slåttar og spelemenn i nedre Setesdal for eksempel var det mange som likte. Det var personleg, med god historieforteljing og god musikk.

Vidar Lande sitt program med spelemenn frå Nedre Setesdal har slått an blant lyttarane av Folkemusikktimen.

– Elles er det ein tendens at det tradisjonelle uttrykket er vel så «hipt» som det som skal pakkast inn og gjerast om.

– Kva betyr dei gode tala for vidare satsing på folkemusikk i NRK?

– Sjølvsagt er det masse moglegheiter framover, me er i god driv og har fleire planar! Det er viktig her med eit godt samarbeid med FolkOrg, utdanningsinstitusjonar og miljøet sjølv. Eg er takknemleg for miljøet me har som snakkar opp sjangeren, folkemusikken og folkedansen.

Morken seier at NRK alltid må vurdere kva flatar og kanalar dei best når eit større publikum på.

– På nyåret skal me lansere ein heilt ny lydserie me har laga til Folkemusikktimen, og NRK Radio. Den har fått namnet «1904 – Tidskapslens hemmelighet», og handlar om den eldste lydhistoria til folkemusikken. Me har kome over nokre ukjente voksrullar med folkemusikk som viser seg å vere veldig spanande. Dette kan publikum glede seg til å høyre!

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024