Folkemusikk logo
Logo

Nytt heidersmedlem Lom- spel og dansarlag

Laurdag 29. november vart Tarjei Øverbø utnemnt til heidersmedlem i Lom spel- og dansarlag. Prisen heng høgt og det er berre eit fåtal som har fått denne heideren i laget, sist ut var Bjarne Odde i 2022. Utnemninga vart gjort i samband med ein vellukka fest som laget arrangerte i Garmo bygdahus, for å feire at laget tidlegare i år mottok FolkOrgs lokallagspris for 2025.

Tarjei Øverbø er ny heidersmedlem i Lom spel- og dansarlag. Foto Solveig Brekke Hauknes

Tekst: Pressemelding

Tarjei Øverbø (tidlegare Teigen) har gjennom ei årrekkje vore ein aktiv felespelar, dansespelmann og kappleiksutøvar i Lom spel- og dansarlag. Under festen laurdag las Iselin Aukrust opp grunngjevinga:

Han blei født 26. august 1951, og lærte seg å spele i 12-års alderen. Det var hardingfele det gjekk i den fyrste tida, sidan både faren og onkelen spelte. Vanleg fele fekk han fyrst noko seinare, av Lars Flå, som var bror til bestemora hans, Sina Tykket. Dette var riktig nok ikkje noko god fele!

Da Tarjei var i 18-års alderen byrja han for alvor å ta meir tak i felespelinga. Da fekk han heldigvis ei anna fele, fela etter bestefaren Arne Kroken. På same tid byrja han å vera mykje hjå Kristian Kvåle, der han lærte leiker i tillegg til at dei spelte ilag. Han spelte og mange år saman med Magnar Slettede, spesielt mykje til dans. Han blei med i spelemannslaget i 1972, da var han 21 år gammal.

Tarjei var svært aktiv på kappleikar på 1970- og litt ut på 80-talet. Han oppnådde mange gode resultat.

1973 vann kl. B Hilmestemnet

1974 Oppdal. kl B: 1. premie. Vart A-klassing + Otta Distriktskappleik: vann kl B

1975 Bø Landskappleik: kl A 1 premie + Hilmestemne : 1 premie kl A

1976 Vinstra Distriktskappleik 1 premie. + Hilmestemnet: 1 pr

1977 Lillehammer Landskappleik : 2 pr + Tynset DK : 1 pr

1978 Fagernes Landskappleik: 1 pr + Vågå DK : 1 pr

1979 Førde Landskappleik: 2 pr

!983 Vågå Distriktskappleik. Tarjei nr 2 i A-klassa.

1987 Otta Distriktskappleik: 2 premie

Frå 1975-1980 og 2017-2019 sat Tarjei i styret i spel- og dansarlaget.

Tarjei har laga fleire verkeleg gode slåttar, som mange har teke i bruk. I 1993 gjekk han gjennom ein heftig sorgprosess etter at han mista dottera si, og her spelte kanskje musikken ei ekstra viktig rolle. Han komponerte mellom anna ein nydeleg lydarslått til ære og minne for dottera Liv.

Lom spel- og dansarlag har den gleda av å utnemne Tarjei Øverbø som nytt heidersmedlem. Tusen takk for musikken og deltaking i laget gjennom mange år.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024