Folkemusikk logo
Logo

Olav L. Mjelva med ny notebok: Bow in the Eye

Felespelaren og komponisten Olav Luksengård Mjelva er ute med Bow in the Eye – New Nordic Tunes for Fiddle, ei rykande fersk samling med 20 nyskrivne slåtter inspirerte av nordiske tradisjonar.

Olav Luksengård Mjelva er ute med eit notehefte med eigne komposisjonar. Foto: Knut Utler.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen

Dette er melodiar som har vore med Mjelva på scener, turnear og festivalar i mange år – og som no for første gong er samla mellom to permar.

Olav L. Mjelva (f. 1983) kjem frå Røros og har i ei årrekkje vore ein sentral utøvar i nordisk folkemusikk. Han turnerer jevnleg i inn- og utland, har medverka på ei rekkje album og samarbeidsprosjekt, og musikken hans er brukt i både film- og TV-produksjonar.

Han er kjend frå mellom anna SVER, The Nordic Fiddlers Bloc, Lodestar Trio og Rydvall/Mjelva, og har gjennom fleire tiår markert seg som ein av dei mest aktive og synlege felespelarane i Norden. Som både komponist, formidlar og turnerande musikar har han utvikla eit tonespråk som kombinerer solid tradisjonsforankring med eit ope blikk mot nye impulsar.

– Slåttane i boka har vakse fram over mange år, i møte med folk, stader og musikalske augeblikk. Det følest fint å samle dei og dele dei videre, seier Mjelva.

Ei notebok for både nye og erfarne felespelarar

Bow in the Eye inneheld eit breitt spekter av slåtter: frå energiske danselåttar og melodiske visetonar til rytmiske og nyskapande komposisjonar med særprega melodiske linjer. Alle melodiane er nøye nedteikna med tydeleg struktur og naturleg flyt, noko som gjer boka eigna både for ferske felespelarar som vil utforske nordisk folkemusikk, og for meir erfarne spelemenn som ønskjer ny inspirasjon.

Blant titlane finn ein mellom anna Akkar, Andas Polska, Demringspolska, Hjaltaren, Sumarkveld i Nivlheim og sjølvskrivne publikumsfavorittar som Don’t Drink and Dance, Deliverance (Befrielsen) og tittelsporet Bow in the Eye. Ei rekkje av slåttene kjem òg med ein eigen andre felerøyst.

For lærarar, elevar og spelemenn på jakt etter nytt stoff

Boka er godt eigna for undervisning, ensemblespel og for alle som ønskjer å utvida repertoaret sitt med nyare folkemusikk. Ho kjem i sal no – i god tid før jula set inn, når mange er på leiting etter musikalske gåver eller ny inspirasjon til vinterens spelemøter.

Bow in the Eye kan bestillast via olavmjelva.com. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024