Folkemusikk logo
Logo

Spel med dans – dans med spel

Kva er det som gjer spel dansbart? Kva er det som gjer dans spelbar? Det er dette Ami Dregelid, Håkon Dregelid, Jeanette Evansson og Anette Thorsheim har utforska dei siste åra.

Anette Thorsheim, Håkon Dregelid, Ami Dregelid og Jeanette Evansson er ute med dobbeltalbum. Foto: Emma Eriksson.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen

Framgangsmåten har vore å dansa, spela, lytta, dela, og prøva å snakka om ting som evt. sit litt fast og prøvd på nye måtar. Dobbelt-albumet «spel med dans dans med spel» (2025, Ta:lik records) er eit utsnitt av samspelet deira.

- Me let kommunikasjonen i musikken og dansen stå i sentrum. Me gav kvarandre plass og tid. Slik kom me til spelet vårt og dansen vår slik du høyrer det på albumet, fortel dei i ei pressemelding.

Tradisjon, samspel og eit fellesskap i rørsle

Ami og Håkon Dregelid er begge dansarar med bakgrunn frå høvesvis Stockholm og Vossestrand. Dei legg stor vekt på den musikalske leiken som oppstår når dans og musikk skjer i same augeblikk.

— Å dansa e noko me gjer i lag med den som spelar, som at me er tre som dansar i lag. Eg tykkjer me kjem inn i ei bobla og det berre flyt på, seier Håkon Dregelid.

Håkon har undervist i mange år ved Ole Bull Akademiet, medan Ami underviser i dans ved Dansehøgskolen og Musikkhøgskolen i Stockholm, samt ved Eric Sahlström-institutet i Uppland. Begge er sentrale tradisjonsberarar i sine miljø.

Over tjue år med dansespel

Jeanette Evansson og Anette Thorsheim har spelt saman i over to tiår, og dansespel har alltid vore ein kjerne i musikken deira. Å arbeide saman med Ami og Håkon gav prosjektet ein ny dimensjon, og i møtet mellom dans og slåttar får vestlandstradisjonen eit særleg sterkt nærvær.

Jeanette, frå Östhammar, er musikar og pedagog på fele og hardingfele, medan Anette frå Radøy spelar toradar og treradar. Dei møtte kvarandre på musikkhøgskolen i Stockholm på slutten av 1990-talet, og har sidan delt repertoar og erfaringar frå austlege og vestlege tradisjonar.

Fire dagar med opptak

Albumet blei spelt inn gjennom fire lyse dagar i 2024 i «Gruv-lokalen» i Dannemora i Uppland – to klare vinterdagar i februar og to grøne og solfylte dagar i mai og juni. Rommet, med god akustikk og dansegolv, gav perfekte rammer for eit prosjekt der kommunikasjon stod i sentrum.

— Her høyrer du utsnitt frå samspelet vårt, det me gjorde saman dei dagane i Dannemora, fortel dei.

Gjennom dans, spel, lytting og samtalar fann dei eit uttrykk som no er foreviga på Spel med dans, dans med spel.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024