
Når bachelorstudentane i folkedans i Rauland nærmar seg slutten av sitt første semester, er det med stor entusiasme dei fortel om opplevingane sine så langt.

Det første kullet med heiltids folkedansstudentar i Rauland er særs tilfredse med det skreddarsydde opplegget dei har fått så langt i haust. Foto: Flora Wiederkehr.
Tekst: Kjellbjørn Karsrud
Magnhild Moen Helland, Thea Myrjord Norheim og Agathe Mæhlum-Andreassen er tre av dei som har teke fatt på det nye folkedansstudiet – ei utdanning som studieleiar Stian Roland meiner kan få stor betydning for feltet i åra framover.
– Vi er svært fornøgde med årets studentkull. Dei er ein positiv og reflektert gjeng med ulike bakgrunnar og mål, seier Roland. Vi treng kompetanse på folkedans på så utruleg mange måtar – i rekruttering, i kulturskule, i scenekunst. Eg meiner faktisk at alle kommunar i Noreg burde hatt minst ein innbyggjar med ein bachelor i folkedans!
Søknadsfristen for neste år er 6. januar, og Roland håpar at fleire vil få auga opp for utdanninga – gjerne gjennom studentane sine eigne erfaringar.
Dei tre studentane kjem inn i studiet med ulike inngangar, men alle har dei kjensla av å ha funne eit miljø som passar.
.jpeg)
Magnhild, Agathe og Thea utanfor akademiet i Rauland. Foto: privat
Magnhild frå Lom har lenge vore interessert i både folkemusikk og dans, og hadde eigentleg sett for seg eit folkehøgskuleår. – Eg tenkte først å ta eit år på folkehøgskule, men fann ut at bachelor i folkedans passa mykje betre. Eg kombinerer dette med å ta årsstudium i folkemusikk. Det var akkurat det eg hadde lyst til.
Thea frå Bø kombinerer studiet i Rauland med eit anna studium i Oslo, og pendlar mellom stadene. – Eg likar å danse, og er særleg interessert i den pedagogiske sida. I fjor tok eg folkemusikk og hadde folkedans som deltidsstudium. No ville eg gå meir i djupna.
Agathe frå Ski kjem frå moderne dans og ballett, og oppdaga folkedansstudiet litt ved ein tilfeldighet. – Eg hadde lyst til å prøve noko nytt. Miljøet her er veldig hyggeleg. Sjølv om eg hadde prøvd folkedans før, så er det mykje nytt og spennande å sette seg inn i.
Haustsemesteret har vore prega av ei brei innføring i både kroppen, musikken og tradisjonane. Studentane har mellom anna hatt anatomi, skadeførebygging og trening i samarbeid med idrettsfysiolog Arnstein Sunde og fysioterapeut Laila Hjort Nielsen.
– Vi har hatt mykje teori, men også veldig praktisk opplegg, seier Thea. – Vi har lært å teipe kvarandre, vi har blitt observerte når vi dansar og fått eigne tilpassa styrketreningsopplegg basert på dette. Etter jul får vi òg lære om ernæring.

Treningsmetodikk og fysiologi er blant emna på pensum. Foto: Privat
I tillegg har dei undervising i norske dansetradisjonar, danseanalyse og teknikk med lærarar som Stian Roland, Siri Mæland, Vegar Vårdal og Sigurd Heide.
– Vi ser mykje video og lærer å sjå skilnad på tradisjonane, seier Magnhild. – På dei praktiske timane er vi innom Telemark, Valdres, Hallingdal, Nord-Noreg og fleire stader på Vestlandet.
Tre veker i semesteret har dei samlingar saman med deltidsstudentane.
Agathe opplever balansen mellom teori og praksis som god: – Vi er ei lita klasse, så vi får tett oppfølging i dei praktiske timane. Men når vi har samlingar med deltidsstudentane, er det meir teori. Vi har også studieveker der vi får fokusere på og finne ut av ting sjølve.
Møtet med ulike fagpersonar er noko alle tre trekk fram som spesielt inspirerande.
– Sigurd Heide var her ei veke og viste korleis han jobbar med Kartellet, fortel Thea. – Han brukte Labans effort-system, der ein jobbar med kontrastar i rom, tid og kraft. Vi laga faktisk ei lita framsyning basert på desse prinsippa.
Magnhild legg til: – Stian og Siri er her mykje, men vi har hatt mange gjestelærarar, og fleire kjem etter jul. Det gler vi oss veldig til.
I og med at dei tre studentane er først ute, så er dei litt «prøvekaninar», men dei meiner at det er ein fordel. Studiet er i utvikling, og det betyr òg at studentane får vere med og påverke.
– Undervisninga blir lagt opp rundt oss, og lærarane justerer mykje undervegs. Vi får tett oppfølging, fortel Magnhild.
Det internasjonale samarbeidet er også viktig i Rauland.
– Du kan ha eit utvekslingssemester andre studieåret, seier Magnhild.
– Det er også gjestelærarar her frå fleire land, til dømes frå Irland, supplerer Agathe.
Roland bekreftar: – Det er moro å sjå at vi har blitt ein attraktiv aktør internasjonalt og ser mange spennande utviklingsprosjekt på tvers av landegrensene der vi håpar å kunne inkludere studentane.

Lærar Siri Mæland saman med dei fem studentane som går på det nyoppstarta bachelorprogrammet i folkedans. Foto privat
Ein viktig del av studiet er dei mange studiereisene. I haust har studentane vore på Hallingseminaret på Riksscenen, Folkelarm, Valdres-tur, Springarforum i Hallingdal – og fleire var òg på Osafestivalen.
– Eg hadde aldri dansa halling før, og plutseleg stod vi på scena saman med dei beste i landet, ler Thea.
– Det er viktig med dansefestar og det sosiale miljøet, seier Magnhild. – På festivalane er undervisning, dans, fest og fritid smelta saman. Det er slik ein verkeleg lærer tradisjonar. Og no i mars skal vi til Estland!
Studentane får dermed oppleve feltet breitt – frå kurs og seminar til kappleikar og internasjonale prosjekt.
Til trass for ulik bakgrunn har studentane funne ei god dynamikk.
– Vi er veldig forskjellige, men vi utfyller kvarandre på ein bra måte, seier Agathe. – Det er trygt, inkluderande og eit bra miljø på heile skulen.
– Når vi er så få, er det ekstra viktig med god gruppedynamikk, seier Thea. – Det gjer turane også veldig kjekke – vi reiser mykje saman.

Folkedansstudentane i Rauland har vore på mange turar denne hausten, og til våren skal dei til Estland. Foto USN
Studentane har ulike ambisjonar, men alle ser mange moglegheiter.
– Stian seier vi er garantert jobb! seier Magnhild og ler. – Og det er kanskje litt sant òg, for det er ikkje så mange som har denne utdanninga i Noreg.
Agathe nikkar: – Danselærarane mine på vidaregåande sa at dersom du studerer folkedans, så får du iallfall jobb. Det er ganske betryggande.
Thea peikar på at studiet opnar fleire retningar: – Nokon vil inn i scenekunst, nokon vil jobbe pedagogisk, og andre er interesserte i forsking. Det er mykje å velje mellom. Og skulen legg veldig godt til rette med individuell oppfølging.
Når dei tre skal oppsummere kva dei vil seie til nokon som vurderer å søkje innan fristen 6. januar, kjem svaret raskt:
– Du lærer fort, og krava er ikkje skremmande, seier Magnhild. – Du blir tatt vare på, og miljøet er fantastisk – eit slags folkehøgskulemiljø kombinert med ein skikkeleg bachelor. Du får også delta på mange turar, og får delegatpass på mange festivalar.
– Det blir eit år du ikkje vil gløyme, seier Agathe.
– Du får dansa mykje – og naturen er heilt nydeleg, seier Thea.

USN Rauland er kjend for å ha eit godt studentmiljø i flotte omgjevnader. Foto: Privat.
No gler alle tre seg til det som kjem.
– Etter jul blir arbeidet meir spesialisert, seier Magnhild. – Då får vi gå djupare inn i det vi verkeleg er interesserte i, få fleire gjestelærarar og reise meir. Og vi skal vere med og arrangere Vinterkappleiken – det blir skikkeleg gøy.
Dei tre er einige om éin ting:
– Det fristar veldig å halde fram.
Sist oppdatert
