
Folkemusikkgruppa SKROT slepper debutalbum 23. januar. Først ut er singelen «Risan», med ein tydeleg referanse til juleklassikaren "Tre nøtter til Askepott".

SKROT slepper plate utpå nyåret, men er allereie ute med ein singel som på mange måtar høyrer juletida til. Foto Kulturfotografen AS Thor Hauknes
Tekst: Pressemelding/redaksjonen
Folkemusikkgruppa SKROT lanserer sin fyrste singel, «Risan», onsdag 17. desember. Singelen er ein forsmak på debutalbumet deira, som kjem ut i si heilheit 23. januar – både på CD og digitalt – på plateselskapet Melovitten.
«Risan» er komponert av Steinar Odde og Vegard Hansen og blei laga i førjulstida. Låten er ei hyllest til Knut Risan, kjend som forteljaren i Tre nøtter til Askepott, og leikar med tanken om korleis det ville vore om SKROT spelte til dans på slottsball.
SKROT er danna på Ole Bull Akademiet og har medlemmar frå Vågå, Lom, Heidal, Vinstra, Ringsaker og Aure. Gruppa har sterk tilknyting til Gudbrandsdalen og Ottadalsmusikken, noko som pregar både uttrykk og repertoar. Musikken byggjer på både tradisjonelt materiale og nykomponerte låtar, med vekt på groove, samspel, leik og improvisasjon.
I samband med plateutgjevinga legg SKROT ut på lanseringsturné med konsertar på Rudi gard (24. januar), Riksscenen i Oslo (29. januar) og under Folkemusikktreffen i Vågå 6.–7. februar.
Medverkande:
Agna Valde Sletten (fele, hardingfele)
Ane Stakston Aasen (fele, hardingfele)
Steinar Odde (trekkspel, gitar)
Vegard Hansen (trekkspel)
Semon Harerusten (gitar, cittern)
Simen Håland (kontrabass)
Gjesteartist: Bjørn Kåre Odde (bratsj)
Sist oppdatert
