Folkemusikk logo
Logo

Folkemusikk 4/2025

Neste nummer av Folkemusikk er like om hjørnet, så det er ikkje lenge før abonnentar kan ta seg ein målretta tur bort i postkassa. Les meir om innhaldet i Folkemusikk 4/2025 her. Her finn du også informasjon om korleis du kan få kjøpt dette nummeret i laussal og/eller bli fast abonnent av magasinet.

Spelemannen Håkon Høgemo er 60 i år. I eit møte med tidlegare elev Johanne Flottorp fortel han om ideala sine som både spelemann og pedagog. Ein annan jubilant er den nordnorske suksesshistoria Hekla Stålstrenga, som i år feirar 20 år med ein ny plateproduksjon, og du møter gjengen i dette nummeret. Du møter elles i dette nummeret både Sigurd Heide, Gunnlaug Lien Myhr, Magnhild Garnås Haugen, Gaute Hadland og Jon Faukstad. Me møter også tre av dei første bachelorstudentane i folkedans i Rauland, som er storvegs nøgde med opplegget så langt.

Det har elles vore ein travel haust i folkemusikklandskapet. Redaktøren har vore ein tur på Osafestivalen, noko som resulterte i eit reisebrev. Tidlegare redaktør Jostein Aardal har besøkt Hilmarfestivalen, og i tillegg blir det ein rapport frå Are August Flanagan Furebotn sin tur til Irland no i sumar. Me får også gjere ein tur innom tre minnekonsertar og to Noregspremierar blant mykje anna.

I samband med utvandrarjubileet i år har Hans-Hinrich Thedens skrive ein omfattande artikkel om den kjende norsk-amerikanske spelemannen Eivind D. Aakhus. Samtidig får me eit minneportrett av 100-årsjubilanten Embrik Bergaplass ført i pennen av Anders Lunden Herfoss. Bjørn Aksdal kom i år med ei bok om felemakaren som vart udødeleggjort i Edvard Hoem sin roman med same tittel – Lars Olsen Hoem.

Det blir også i dette nummeret rikhaldige platemeldingar frå eit breitt spekter av meldarar i magasinet sitt meldepanel. Og i dette nummeret får lesarane møte personane bak to av selskapa som står bak mange av årets produksjonar.

Som ein bonus til årets siste nummer har grafikar Margit Rønning Omholt fått i oppgåve å illustrere ei god, gamal Jørgen Tjønnstaul-rispe.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024