Folkemusikk logo
Logo

Personlege improvisasjonar frå Vegar Vårdal

I dag slepper Vegar Vårdal soloalbumet Uventa, eit album med improvisasjonar på ulike feler, piano og stemme. Utgivinga er resultatet av eit heilt år med opptak, der Vårdal med både leik og alvor har utforska instrumenta sine, romma han spelar i og tilhøvet til folkemusikken.

Gjennom heile dette året har Vegar Vårdal kome med små drypp til Uventa-prosjektet sitt. No er endeleg plata ute. Foto: Thor Hauknes, platecover laga av Mette Vårdal.

Tekst: Pressemelding/Redaksjonen

Prosjektet har fått utvikle seg over tid, og musikken er forma av augeblikket ho blir til i. Humør, sinnstilstand, rom og menneska rundt set spor i uttrykket. På Uventa finst mellom anna ei ode til ein gammal pianolærar, eit minne om faren og nikk til gode kollegaer.

– Fleire av låtane er tileigna folk eg kjenner, eller har kjent. Menneske er noko av det som inspirerer meg mest når eg lagar musikk. Uventa er litt som utdrag frå ei minnebok, med musikalske minne om folk eg har møtt, fortel Vårdal.

Vegar Vårdal er fødd i Lofoten i 1975 og vaks opp i Hovsherad, på grensa mellom Agder og Rogaland, før familien flytta til Bærum. Han gjekk musikklinja på Rud vidaregåande, der han spelte klassisk musikk i timane, men med hjartet i folkemusikken. Lærar Wolfgang Plagge oppmuntra han til å setje så mykje folkemusikk som mogleg inn i dei klassiske stykka, og på siste eksamen akkompagnerte Plagge Vårdal, med professor Sven Nyhus som sensor. Nokre veker seinare ringde Nyhus og ville ha Vårdal som student ved Noregs musikkhøgskule. Året etter tok NMH opp det første kullet på kandidatstudiet i folkemusikk, der Vårdal var ein av to studentar.

Tretti år seinare ser Vårdal tilbake på eit mangfaldig virke som folkemusikar, komponist og pedagog. I denne perioden har folkemusikken fått ein stadig sterkare posisjon i musikklivet, og sjangermøte blir i aukande grad sett som ein måte å fornye og levandegjere tradisjonen på. Uventa er del av det Vårdal sjølv omtalar som ein midtveisrapport, der han summerer 50 år i livet og 30 år som musikar.

– Improvisasjon bruker eg heile tida, anten det er på konsert, i spel til dans, i undervisning eller som del av det å komponere, seier han. Han peikar òg på Misha Alperin som ein viktig læremeister:

– Eg lærte mykje om å improvisere og strekkje mine eigne grenser av Misha Alperin. Han var kompromisslaus i arbeidet og ein god ven.

Til dei fire singlane som alt er sleppte, er det laga musikkvideoar. I dette arbeidet voks prosjektet «Sirkus Uventa» fram, med ei eiga forteljing om sirkusdirektøren, elefanten, klovnen og linedansarinna.

– Plutseleg fekk musikken også eit anna og mykje yngre publikum. Sirkus Uventa har vakse fram som eit prosjekt i prosjektet, og til våren blir det ei eiga barneframsyning med improvisasjon og forteljing om livet på sirkuset, avsluttar Vårdal.

Uventa er produsert av Mette og Vegar Vårdal. Innspeling og miks er gjort av Tor Magne Hallibakken, med mastering ved Fridtjof Lindeman. Albumet er spelt inn i Flatigardbygningen på Valdres Folkemuseum, Kulturhuset i Nordherad i Vågå, Ål kyrkje og Lydlåven på Nes.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024