Folkemusikk logo
Logo

Styrkjer satsinga på tradisjonskultur i Buskerud med 1,2 millionar kroner

Buskerud fylkeskommune løyver 1,2 millionar kroner til ei styrkt satsing på tradisjonskultur, med særleg vekt på folkemusikk og folkedans. Midlane går til både kommunale og regionale aktørar, og satsinga er forankra i fylket si regionale planstrategi Med hjarte for Buskerud.

Det blir satsa på folkemusikk og folkedans i Buskerud generelt og Hallingdal spesielt dei neste åra. Illustrasjonsfoto av unge hallingar i lagdans under Landskappleiken i Lom teke av Runhild Heggem.

Tekst: Kjellbjørn Karsrud

– Tradisjonskultur er ein sentral del av Buskerud sin kulturarv og eit fortrinn for fylket, seier Kristin Gjerde (Frp), leiar av hovudutvalet for kultur, idrett og folkehelse i Buskerud fylkeskommune.

Hovudutvalet har vedteke å fordele midlane slik: Ål kommune får 500 000 kroner til distriktsmusikarar og folkemusikk-koordinator. Stiftelsen Buskerudmuseene får 130 000 kroner til registrering av digitaliserte lydband og 250 000 kroner til folkemusikkverkstad ved Folkemusikksenteret i Buskerud. Buskerud Folkemusikklag får 150 000 kroner til rekruttering i lokallaga, medan Ål kommune får ytterlegare 170 000 kroner til koordinering av den regionale satsinga på tradisjonskultur.

– Tiltaka representerer både nytenking og vidareføring av eksisterande ordningar, og har brei forankring i frivillig og profesjonelt kulturliv, seier Gjerde.

Kommunal medverknad i Hallingdal

I tillegg til fylkeskommunale midlar har kommunane Gol, Hol, Hemsedal og Ål no vedteke å gå inn med eigne løyvingar til satsinga. Anders Lunden Herfoss, styremedlem i FolkOrg, kommunestyrerepresentant og leiar for sektorutvalet for kultur og oppvekst i Ål kommune, stadfestar at vedtaka er på plass.

– Vedtaka har no gått gjennom i dei aktuelle kommunane, seier Herfoss.

Han peikar særleg på vedtaket som vart gjort i kommunestyret i Ål før jul.

– Dette var ein festkveld for folkemusikk- og folkedanstradisjonane i Ål, og me kan også glede oss over løyving til vidareføring av folkemusikkoordinator og distriktsmusikarordning i kommunebudsjettet, seier Herfoss.

Utvalsleiar Anders Lunden Herfoss, sjølv ivrig toradarspelemann og tradisjonsformidlar, kan nøgd konstatere at folkemusikken blir eit prioritert satsingsområde i Hallingdal i åra framover. Foto: Knut Utler.

Den samla satsinga er mellom anna eit resultat av det arbeidet som har vore gjort ved at Buskerud Fylkeskommune og Ål kommune innvilga midlar til å opprette ei prosjektkoordinatorstilling på 18 månader på kulturkontoret i Ål kommune, som Andrea Søgnen fekk. Denne satsinga har tidlegare vore omtala i Folkemusikk 1/2025. Åpnes i nytt vindu.

Prosjektkoordinator Andrea Søgnen har det siste halvanna året jobba tett i lag med prosjektkoordinator Rannveig Øygardslia ved Sprang Lenke til et annet nettsted., landsdelsscene for dans, og andre sentrale aktørar i folkemusikkmiljøet for å få både midlar, samt samla miljøet i Hallingdal. Kommunalsjef for kultur Inger Bråten og politikarar i Ål kommune har valt å prioritere dette arbeidet i sine innspel til fylkesadministrasjon- og politikarar.

Koordinator og distriktsmusikarar

Folkemusikk-koordinatorstillinga er sikra frå 1. mai, når den noverande prosjektstillinga til Andrea Søgnen går ut. Ål kommune arbeider med ei utlysing av stillingar i januar, med oppstart 1. april. Distriktsmusikarordninga er planlagd sett i verk frå 1. august, opplyser Inger Bråten.

– Utgangspunktet har vore å prøve å få til ei ordning på 200 prosent fordelt på tre–fire personar. Det kan bli aktuelt å justere dette til 100–150 prosent fordelt på to–tre personar, seier Herfoss.

Han peikar på at ein ser for seg at nokon kandidatar kan undervise i både instrument, kveding og/eller dans. Elles ligg det også ei 20% stilling til regional koordinator for Buskerud. I dette ønsker fylkeskommunen at nokon tek initiativ til liknande prosess som i Hallingdal som kan gje ei liknande satsing i dei andre område i Buskerud.

Buskerud fylkeskommune peikar samstundes på at tradisjonskultur, og særleg folkemusikk og folkedans, får stadig større merksemd både nasjonalt og internasjonalt.

– Tradisjonskulturen skaper inkluderande arenaer for deltaking og fellesskap, og er samstundes ei kulturnæring der festivalar, kurs, konsertar og utdanningstilbod bidreg til både verdiskaping og arbeidsplassar, seier Kristin Gjerde.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024